Gje og ta

1. Kva folkemusikar står bak songen «Gje meg handa di, ven (når det kveldar)»?

2. Kva er neste linje i songen som startar med orda «Ta den ring og la den vandre»?

3. Kva uttrykk med ein nasjonalitet i betyr å finne ei litt frekk eller lettvint løysing på noko?

4. Kva band slo igjennom i 1993 med albumet Everything Changes?

5. Kva er den norske tittelen på filmen Pay it Forward, som har Helen Hunt og Kevin Spacey i hovudrollene?

Svar: Gje og ta: 1. Sondre Bratland 2. fra den ene til den andre 3. Å ta ein spansk ein 4. Take That 5. Gi det videre

Jorda rundt

1. Kva er verdas nordlegaste hovudstad (i eit sjølvstendig land)?

2. Kva australsk by er kjend for sitt operahus?

3. Kva heiter hovudstaden i den italienske regionen Toscana?

4. I kva hovudstad har fotballaget River Plate fått namn etter elvemunninga Rio de la Plata?

5. Kva heiter høgda i Aten der tempelet Parthenon ligg?

Svar: Jorda rundt: 1. Reykjavik 2. Sydney 3. Firenze 4. Buenos Aires 5. Akropolis

Bilar

1. Kva bilprodusent hadde modellen Kadett?

2. I kva film blir ein DMC DeLorean bygd om til ei tidsmaskin?

3. Kva bilmerke køyrer Glenn-Tore i serien Rådebank?

4. Kva bilprodusent hadde modellen Thunderbird?

5. Kva karakteristisk, liten Citröen-modell vart produsert frå 1948 til 1990? Modellen har eit namn som består av eit tal og to bokstavar.

Svar: Bilar: 1. Opel 2. Back to the Future/Tilbake til fremtiden 3. Volvo 4. Ford 5. 2CV

Båtar og skip

1. Kva land kom cruiseskipet Costa Concordia som forliste i 2012 frå?

2. Kva skip, som er kjent for eit mytteri i 1789, var William Bligh kaptein på?

3. Kva anna namn har Hamar olympiahall?

4. Med namn etter ein markant politikar, kva var Tyskland sitt største slagskip under den andre verdskrigen?

5. Kva mytologisk namn hadde hurtigbåten som gjekk på grunn ved Ryvarden fyr i 1999? 16 menneske omkom i denne ulukka.

Svar: Båtar og skip: 1. Italia 2. Bounty 3. Vikingskipet 4. Bismarck 5. Sleipner

Bergensfolk

1. Kva heiter mannen bak teikneserien Pondus?

2. Kva bergensk forfattar døydde i Tyskland 2. desember 1943?

3. Kva er etternamnet til søstrene som opna fiskematbutikk i Bergen i 1929? Butikken, kanskje mest kjend for sine fiskekaker, er i dag å finne i Strandgaten.

4. Kva heitte kona til Edvard Grieg?

5. Kva ord har blitt brukt om ein rappkjefta skøyargut frå Bergen? Ordet har blitt skrive både med t og k som første bokstav.

Svar: Bergensfolk: 1. Frode Øverli 2. Nordahl Grieg 3. Hagelin 4. Nina 5. Tjuagut/kjuagut

Startar på L

1. Kva ord på l blir brukt om eit feltsjukehus, ofte i militær samanheng?

2. Kva etternamn har han som har blitt kjend både som krimforfattar, historikar og sjakk-kommentator?

3. Kva ord blir definert slik i Store Norske Leksikon: «en persons eller foretaks betalingsevne, det vil si evnen til å møte sine kortsiktige forpliktelser ved forfall»?

4. Kva politisk-filosofisk bok av filosofen Thomas Hobbes fekk tittelen sin frå eit sjøuhyre frå Bibelen?

5. Kva er etternamnet til brørne som heldt verdas første filmframvising i Paris i 1895?

Svar: Startar på L: 1. Lasarett 2. Lahlum 3. Likviditet 4. Leviathan 5. Lumière

Sluttar på L

1. Kvar er Katmandu hovudstad?

2. Kva ord blir brukt om avdempa fargetonar i rosa, lyseblått, lyseraudt og lysegult?

3. Kva er det motsette av labil?

4. Kva namn er den slaviske varianten av Paul/Paulus?

5. Kva ord, opphaveleg frå fransk, kan brukast om eit lite jordstykke som er skilt ut frå ein større eigedom?

Svar: Sluttar på L: 1. Nepal 2. Pastell 3. Stabil 4. Pavel 5. Parsell

-land

1. Kva heiter lagmannsretten som ligg i Tromsø?

2. Kva land høyrer Helgoland til?

3. Kva heiter den største øya ved det danske fastlandet?

4. Kva heiter området med eit opphavleg hollandsk namn aust i Oslo sentrum mellom Storgata, Brugata, Akerselva og Nylandsveien?

5. Kven har delteke i Miss World og Miss Universe og blant anna vore deltakar i den norske versjonen av Top Model?

Svar: -land: 1. Hålogaland lagmannsrett 2. Tyskland 3. Sjælland 4. Vaterland 5. Kathrine Sørland

Musikalar

1. Musikalen Mamma Mia! er basert på musikken til kva popgruppe?

2. Kva musikal med geografisk tittel kom i filmversjon i 2002 med Richard Gere, Renée Zellweger og Catherine Zeta-Jones i hovudrollene?

3. Fullfør namnet på denne musikalen: Annie Get Your …

4. I kva filmmusikal kjem hovudpersonen Dorothy og hunden Toto til eit fantasiland etter at Dorothy blir slått bevisstlaus av ein tornado?

5. I kva ungdommeleg filmmusikal har Zac Efron og Vanessa Hudgens hovudrollene?

Svar: Musikalar: 1. ABBA 2. Chicago 3. Gun 4. Trollmannen frå Oz/The Wizard of Oz 5. High School Musical

For dei minste

1. Er fiskar pattedyr?

2. I kva by ligg skianlegget Holmenkollen?

3. Kvar kjem lokalavisa Fjordabladet ut?

4. Kva ord kan vere noko som er i havet og eit verktøy til å knipe med?

5. I kva verdsdel ligg landet Kenya?

Svar: For dei minste: 1. Nei 2. Oslo 3. Nordfjordeid (Eid) 4. Tang 5. Afrika