Namn: Jonny BakkeAlder: 48Adresse: DavikSivilstatus: giftYrke: lokalmatgründer og matentusiastHobby: Mat! Og jakt og veidingAktuell med: arrangerer i samarbeid med Davik Utviklingslag for første gang Abbeldagane på Davik fredag og laurdag.

– Når og kvar går Abbeldagana av stabelen?

– Det skjer no til helga, på fredag og laurdag, og det er Abbel Tradisjonsmat og Davik Utviklingslag som arrangerer. Alt vil skje i anlegget til Abbel Tradisjonsmat på Davik.

– Kva skjer fredag?

– Då åpner vi dagane med jam session på kvelden. Ti aldrande menn har grooven, og så har vi invitert med oss litt lokale folk og artistar. Vi legg opp til ein hyggeleg pubkveld.

– Og på laurdag er det så tid for tradisjonsmaten?

– Her vil det bli mange ulike stands. Mellom anna skal Møyfrid Frimannslund, som vel har passert dei 80, koke rømmegraut på gamlemåten. Saman med Kirsten Hamre på gode 70 år skal ho vise korleis slik graut eigentleg blir laga.

– Kva meir kan folk få lære?

– Reidun Solvang skal vise korleis ein lagar heimelaga flatbrød. Dette skal så serverast saman med lapskaus som vi skal ha som nattmat under dansen med Vi Menn laurdag kveld. Vi opnar også pølsefabrikken der folk kan ta med seg eige hjortekjøt og så viser eg dei korleis ein lagar pølse. Her skal folk få prøve å stappe, kverne, elte og koke sjølve. Vi har også eit lite mikrobryggeri der Kåre Herrevold, som er bryggerimeister og rasande god på å brygge øl, vil vise fram kunstane sine. Og det blir også mykje anna godt å teste!

– Men så var det også andre opplevingar enn mat og drikke?

– På laurdag kan ein også få sjå andre handverk, mellom anna vil Gerd Lillian Drageset vere der med ulike dukker og juledekorasjonar, Kari Vindfjell vil selje selbustrikk. Og så har vår lokale «arkeolog» her på Davik, Aage Kvendseth, laga ei samling over alle tinga han har funne med metalldetektoren sin. Alt dette vil han stille ut.

– Kvifor hadde du lyst å lage ein slik matfestival?

– Rett og slett fordi dei som veks opp i dag, min generasjon inkludert, ikkje kan lage mat frå botnen av. Mykje av kunnskapen held på å døy ut. Det er mange som er interessert i mat, men dei har ikke fått lære seg korleis, eller dei har kanskje ikkje vist interesse for det, før det var for seint.