Laila Schult, som er aktuell med Seniorakademiet 55+ sin tur til Hakallegarden, vart intervjua i vår Fort Sagt-spalte fredag:

Namn: Laila Schult

Alder: 70 år om få dagar

Adresse: Øvre skram 18

Sivilstatus: eineståande

Yrke: pensjonist

Hobby: frivillig arbeid i kultursektoren, aktiv i Kunstlaget, Human-Etisk Forbund og i Seniornett

Aktuell med: Seniorakademiet 55+, som arrangerer tur til Hakallegarden 26. mai.

– Kva skjer på turen?

– På turen til Hakallegarden blir det omvising og info om drifta, samt sosialt samvær. Sistnemnde er viktig for seniorar. Vi treng meir gøy for eldre/seniorar.

 – Kor viktig er utfluktene?

– Veldig. Det gir variasjon i kvardagen, noko å sjå fram til og noko å leve på i etterkant. I tillegg til sosialt samvær og auka kunnskap.

– Kor ofte gjer de slike ting?

– Vi har berre 1-2 turar i året. Meir har vi ikkje råd til. Kommunen bidreg ikkje i kassa og dei statlege overføringane har minka sterkt med Høgre-regjeringa.

– Kva anna tilbyr de?

– Målet er å vere ein iverksettar. Seniornett, seniortrim, bowling for å nemne noko. I tillegg arrangerer vi kulturkveldar. Vi jobbar òg med eit sykkelprosjekt på Kulatoppen, og demente på ei avdeling har fått personlege spelelister på sine private Ipoder. Dette er så vellykka at vi prøver å få ein iPod til alle demente i kommunen. Prosjektet er støtta av Sparebanken Vest.

– Korleis har interessa vore for nettkafeen?

– Veldig bra frammøte etter at vi flytta over i Selstadgården. Men vi har plass til fleire, særleg menn. Menn er generelt etterlyst på alle aktivitetar. Eg lurar på kva dei held på med.

– Korleis har denne våren og vinteren vore for Seniorakademiet?

– Ikkje så veldig aktivt. Vi treng ein ny giv og håpar på meir samarbeid på tvers av kommune- og organisasjongrenser.

– Og korleis trur du hausten blir?

– Eg har stor tru på at vi kan få til meir. Men vi treng betre finansiering. Min draum er at kommunen bidreg med same beløp som Kulturdepartementet. Det fortener vi, og vi har vist at vi kan få mykje ut av få kroner. Seniorane har sett lite til dei såkalla «kulturløfta» som har dryssa over kommunen dei siste åra. Det er ein skam at Vågsøy er på 385. plass på kommunebarometeret på kulturmidlar. Og det som blir fordelt, blir skeivfordelt til idretten, nærare bestemt friske gutar i alle aldrar.