Kari Songedal, leiar i Barnas Turlag Keipen, satsar på å lage to kjekke dagar for barn, unge og barnefamiliar ute i vakre Berledalen i Bremanger, og håpar flest mogleg vil bli med.

– Alle som vil kan vere med. Men eg presiserer at det er for familiar, ein vaksen må vere med, seier ho.

Turen startar frå Berle Skule laurdag, og så går ein innover til Berledalen der ein overnattar til søndag.

– Berle grendelag har laga ei kvilehytte som ligg ved vatnet, og vi kjem til å bruke den som base og ha telt rundt den.

– All mat blir laga på bål, sunn og mettande turmat, seier Songedal, som fortel at arrangørane, Barnas Turlag Keipen, Kystlaget Hornelen og Svelgen Jeger og fisk, står for maten.

– Arrangementet er gratis. Vi er sponsa av friluftsmoroprosjektet til fylkeskommunen. Folk må ha med seg telt, sovepose og liggeunderlag sjølv, men vi står for mat og utstyr til aktivitetar, seier Songedal.

For å få ei viss oversikt, ber ho om at folk melder seg på turen.

– Vi treng påmelding så fort som mogleg, aller seinast torsdag 18. mai, seier ho, og legg til:

– Og om folk ønskjer bagasjen frakta opp og ned, kan dette ordnast fredag, når vi skal opp og lage til, og så ned igjen på søndag, mot ein liten sum.