– Bidraga varierer frå historiske fagtekstar til lyrikk, opplyser historielaget, og legg til:
– Tekstane i årets bok dreier seg mellom anna om geologien i Vågsøy kommune, funnet av ein myntskatt ved Refvikvatnet i 1936, spanskesjuken i ytre Nordfjord i 1918 og om storbrannen i Måløy i 1917, men der er òg andre emne og andre sjangrar.
Vil få gravrøysene fram i lyset
Slik som i fjor vert boka presentert i eit samarrangement med Selja forlag. Historielaget slepper årboka, og Selja forlag slepper Magnus Helge Torvanger si bok Havet tok.
– Verkelege hendingar er dei mest dramatiske. Framfor alt gjeld det hendingar på sjøen. Få andre stader er avstanden mellom liv og død så kort og så knapp. Det har tallause roande og seglande opplevd fram gjennom tidene. Men ulukker og forlis skjedde også etter at dampskipa og motorbåtane kom, og det skjer framleis, skriv Selja forlag om boka.
Boka inneheld 86 historier om i alt 113 forlis og skipsulukker – i eller med tilknyting til Sogn og Fjordane. Det er hendingar frå rundt 1800 og fram til 2008. Med seg har Torvanger 15 medforfattarar.
– Her er dramatiske historier om djupe tragediar, og historier om heltar og store bergingsbragder, over ein tidsperiode på om lag 200 år. Over 500 menneske har mista livet i desse forlisa, men mange fleire er berga. Denne boka er ei ny og sterkt utvida utgåve av Havet tok – 78 forlis og skipsulukker frå 2003, skriv forlaget.