Bandet The Dandelion Deadbeats har gått vidare i konkuransen The Stream. Over 1.000 personar sende inn sitt bidrag, og bandet er no blant dei 100 beste.

Konkurranse går ut på at band eller artistar lastar opp ein video der dei syng ein song. Dei med flest visningar eller streams på sin video går så vidare.

No skal alle dei som har gått vidare ha ein showcase for plateselskapa Warner, Sony og Universal, der dei vel ut tre artistar eller band kvar, som dei vil ha med seg vidare inn i finalerundene.

Der skal artistane opptre live i den TV2-sendte konkurransen.

– Eg veit ikkje kor gode sjansar vi har, men eg veit det er mange artistar som er vidare, så kanskje vi skil oss litt ut sidan vi er eit band, utan at eg veit om dette er positivt eller negativt, seier Kvåle Øien.