Oversikta over attraksjonar og aktivitetar er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin. Heile magasinet kan du lese her. Du kan også besøke fjt.no sine sommarsider.

Få sydenfølelsen midt i sentrum

Vakre Seljesanden med sin kritkvite sand ligg midt i sentrum. Sandstranda er omlag 500 meter lang, og i nordenden av Seljesanden, like framfor Selje kyrkje, ligg eit ynda fotomotiv, ei særprega naustrekke. Ved sørenden av stranda ligg eit parkområde med servicebygg, og du finn også BUA her.

Her får du mykje for lite

Dagsturhytta Sjøglytt ligg i Selje. Hytta ligg på Risnakken, rett ovanfor Selje sentrum. På Risnakken er det også utandørs treningsapparat, ein gapahuk og leikeområde. Og ikkje minst ei fantastisk utsikt mot Selje sentrum, Seljesanden, Selja, Stadhalvøya og Stadhavet. Hytta ligg om lag 135 over havet. Turen opp tek ti til 30 minutt avhengig av tempo. I løpet av sommaren blir det også opning av ei dagsturhytte på Lia på Stadlandet. Lia ligg rett under Lundebrekkhornet ned mot Nollen, men flott utsikt over bygda Leikanger.

Dagsturhytta i indre delar av Stad kommune ligg på Naustdalskamben. Turen opp startar frå Reset i Remmedalen. Ein fin og mykje brukt tur på skogsveg og sti, som passar for heile familien. Turen er 5,4 kilometer tur/retur med ei stigning på 258 meter. Dagsturhyttene er eit lågterskeltilbod for turgåarar; ein plass å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar dagsturhytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

Treng du ein tår? Det kan du få

Om du skulle kjenne på svolt eller tørst kan du få hjelp om det er kvardag eller helg, natt eller dag. På tre stadar i ytre delar av Stad kommune står det nemleg tre ubetente kioskar. Det er selskapet med det passande namnet Tår AS som står bak utplasseringa og drifta av kioskane. Det står Tår-kioskar i surfebygdene Hoddevik og Ervik. Sist sommar vart det også opna ein slik sjølvbetent og døgnopen kiosk i Selje. Denne er plassert ved Seljesanden. Varene som er inne kjem frå lokale butikkar og frå lokalmatverksemder, slik at alt er kjøpt inn i nærområdet. I kiosken er det ikkje berre kioskvarer, men også basisvarer som mjølk, brød, fløyte, smør og så vidare.

Så langt vest som du kan kome

Norges vestlegaste fjellplatå finn ein på Vestkapp. Her får ein panoramautsikt til Stadhavet og både Vestland og Møre og Romsdal fylke. Opplev elementa i både strålande sommarvêr eller med full storm ved Stad. 500 meter over havet finn ein også Vestkapp restaurant. Dei kjem til å ha ope heile sommarsesongen. Inne i restauranten er det sal av lunsj og middag.

Opplev dei beste surfebølgene

Ytst i Stad kommune ligg dei to populære surfestrendene Hoddevik og Ervik som er kjende verda over. I Hoddevik er det perfekt å surfe, både på sommaren og vinteren. Her er ein så heldig å få oppleve storslått natur, og skjerminga frå fjella rundt gjer det til ei heilt spesiell oppleving. Det er mogleg å leige utstyr, ta surfekurs og overnatte i Hoddevik, men sidan dette er ein populær plass å opphalde seg, bør ein vere tidleg ute med å booke seg plass.

Lev deg inn i historia om St. Sunniva

På øya Selja kan du fordjupe deg i historia om Sankta Sunniva. Den irske kongsdottera var, ifølge legenda, på flukt frå vikingar og kom til Selja. Ho gøymde seg i ei hole i fjellet som rasa saman, med det resultat at ho vart gravlagt der. Men kroppen vart likevel seinare funnen heilt intakt. Selja kloster- og helgenanlegg er eit av dei best bevarte anlegga i landet, og her kan ein vandre i ruinane som ligg i storslått natur med utsikt rett mot havet. Klosterbåten har daglege turar heile sommaren.

Opplev kyrkjegarden i havgapet

Den unike kyrkjegarden i Ervik har ei stor samling støypejernkross og mange englestatuar. Ved kyrkjegarden ligg også Ervik kyrkje, minnekapell etter St. Svithun-ulukka.

Den vakre kyrkjegarden har mange englefigurar. Foto: Svanhild Breidalen

I 1943 vart hurtigruteskipet St. Svithun seinka av engelske jagarfly som trudde det var tyske soldatar om bord. 50 menneske drukna og 78 menneske vart redda av lokalbefolkninga. I klokketårnet i kapellet heng skipsklokka til St. Svithun som eit minnesmerke.

Besøk veglause, idylliske gardar

Mange har høyrt om vakre og veglause ytre Fure, men området kan by på fleire veglause og idylliske gardar. Garden Årdal ligg i ein liten dal like ved fjellet Liberra på sørsida av Stadlandet. Avstanden inn til Selje er om lag fem kilometer. Garden er fråflytt og har ikkje bilveg. I tunet i Årdal har det lege heile ni bygningar. I dag står det att to stover, eit uthus og ein fjøs. Nede ved sjøen har det vore to naust, og elva har hatt kvernhus. Det er mura køyreveg opp til huset og ei lita bru over elva. Fleire strengespel (løypestrenger) leier inn til tunet frå jorda og frå fjellet.

Prestegarden er pilegrimssenter

På tunet til Prestegarden i Selje har det blitt gjort klart til sommar og besøk. Prestegarden Hove, som opphaveleg omfatta mesteparten av sentrum er i dag regionalt pilegrimssenter og kulturstove. Dette senteret er eit av dei fire kystpilegrimssentera langs kystpilegrimsleia. Planen er å tilby guida tur på tunet og aktivitetar i nærområdet i sommar. Blant anna er håpet å få til omvising på det gamle skulehuset frå 1800-talet.

Der står pultar, kateter, interiør og undervisningsmateriell frå skular på Stadlandet bevart og lagra. Selje prestegard vart etablert på Hove ved Seljesanden på slutten av 1500-talet. Før den tid låg prestegarden og kyrkja på Bø, på austsida av øya Selja. Hovudbygningen som ligg på prestegarden i dag stod ferdig i 1784. Dei fem andre bygningane her vart oppført i perioden 1784–1884. I 1991 vart bygningane i tunet freda.

Har leik og moro for store og små

Om du er på utkikk etter ein god leikeplass har du fleire alternativ i ytre del av Stad kommune. I tilknyting til Stadlandet skule finn ein mellom anna klatretårn og ballbinge. I nærleiken finn ein også fotballbane og skaterampe. Og er du av dei som likar å skate kan du prøve det i skatelåven i Ervik.

Skatelåven i Ervik. Foto: Svanhild Breidalen

Eller kanskje du vil prøve deg på discgolf på bana i Borgundvåg. I Selje er det mykje å finne på både på skuleområdet og barnehageområdet. I nærleiken av fotballbana i bygda finn ein også eit stort og populært klatretårn. I bygda Flatraket har ein også ein fin leikeplass i tilknyting til skulen. For dei litt større kan det kanskje freiste med eit slag golf på ein fin sommardag. Golfbana i Selje ligg i eit naturskjønt område rett ved sentrum, inntil campingplassen. Bana har heilårsdrift, og sjølv om bana ikkje er så lang, blir den rekna som rimeleg utfordrande. Bana har par 60 og mange «vasshinder» i nærleiken av greenane. Her er også driving range. Klubben har nyleg investert i robotgrasklipparar, så alt ligg til rette for gode golfopplevingar i vakre omgivnadar i sommar.