– Når folk besøker oss i påska, har eg lyst at alle skal vite at to personar, Liv-Kari og Kent-Inge frå Fredrikstad, er ein av hovedgrunnane til at det faktisk let seg gjere å halde ope, seier Aina Krakset.

– Alle fortener å få vite kor fantastiske dei er, seier ho til Fjordenes Tidende.

Ho er så takknemleg for alt dei to har gjort for familien på Hakallegarden.

– Eg har lyst å takke dei offentleg, seier ho i eit innlegg som har fått enorm respons på Facebook.

To timar etter det var lagt ut hadde innlegget 600 likes og 41 kommentarar.

– Iblant skjer det under, og i haust skjedde det med oss, skriv Krakset i innlegget.

På Hakallegarden kan ein treffe mange koselege dyr, mellom anna båda alpakka og lama. Foto: Siri Kolseth

Ho fortel at ho har hatt ein trøblete kropp i ein del år, og i haust sa det stopp.

– Då gjekk den heilt i shut down og kollapsa. Eg var ute av stand til å gjere noko. Husbonden var vekkreist på jobb, garden full av dyr. Men så dukka to mennesker som vi aldri hadde møtt opp. Dei budde i Fredrikstad, og planen var å flytte til Vanylven om to år, fortel ho.

Så høyrde dei om situasjonen på Hakallegarden, og bestemte seg for å flytte hit med ein gong for å hjelpe Aina og familien.

– Det gjorde at eg har fått kvile, og sakte, men sikkert har både fysiske og mentale krefter kome tilbake. Om ikkje heilt, så nok til at eg har greidd å organisere opning, seier ho, og legg til:

– Tusen takk Liv-Kari og Kent-Inge, for dei de er, og for at de dukka opp i livet vårt.

Liv-Kari og Kent-Inge flytta to år før tida for å hjelpe til på Hakallegarden. Foto: privat

Held ope i påska og planlegg sommaren

No gler familien på Hakallegarden seg til ein god påskesesong, og ein ordentleg sommar.

– Vi held ope i heile påskeferien, og søndagane framover etter påske, seier Aina.

Campen og det nye Fjørehuset er alltid ope, og gjestar der kan besøke dyra som dei ønsker.

Og no når korona er meir eller mindre over, og forma er betre, ser Aina Krakset og familien fram til ein «vanleg» sommar.

– I år er vi klare for ein heil sommar. Vi har englar hos oss som veit kva dei styrer med og hjelper oss, avsluttar Krakset.

Etter to år med covid og helseutfordringar, ser Aina Krakset no fram til ei flott påske og ein heil sommarsesong. Foto: Siri Kolseth