Natur

1. Kva slags skapning er malle?

2. Kva er det mest vanlege namnet på hannrype?

3. Kva er feltspat?

4. Kva heiter ungdomsorganisasjonen til Norges naturvernforbund?

5. Kva slags dyr er vånd?

Svar: Natur: 1. Fisk 2. Stegg 3. Bergart/mineral 4. Natur og ungdom 5. Rotte (jordrotte)

Klokker

1. Kva blir den største klokka i Westminsterpalasset i London kalla?

2. Kva mineral/bergart blir gjerne forbunde med nøyaktige klokker?

3. Kva dyrt klokkemerke deler namn med ein gresk bokstav?

4. Frå kva land kjem klokkemerket Swatch?

5. Kven skreiv romanen For Whom the Bell Tolls (Klokkene ringer for deg)?

Svar: Klokker: 1. Big Ben 2. Kvarts 3. Omega 4. Sveits 5. Ernest Hemingway

Nasjonalsongar

1. Kva heiter den svenske nasjonalsongen?

2. Kva land sin nasjonalsong er kjent som «The Star-Spangled Banner»?

3. Kven skreiv melodien til den norske nasjonalsongen?

4. Kva ord manglar her frå den danske nasjonalsongen: Der er et … land.

5. Kva er dei fire første orda i den tyske nasjonalsongen?

Svar: Nasjonalsongar: 1. Du gamla, du fria 2. USA 3. Rikard Nordraak 4. Yndigt 5. Deutschland, Deutschland über alles

Svenskar

1. Kva svensk artist vann Eurovision Song Contest saman med Hanne Krogh?

2. Kven var konge av Sverige frå 1523 til 1560?

3. For kva engelsk fotballklubb spelar den unge svensken Anthony Elanga?

4. I kva serie spelar Sofia Helin hovudrolla som Saga Norén?

5. Kva svensk forfattar vann Nobelprisen i litteratur i 1909?

Svar: Svenskar: 1. Elisabeth Andreassen 2. Gustav Vasa 3. Manchester United 4. Broen 5. Selma Lagerløf

Stjerne

1. Kva er Knut Marius Djupvik og Bjørn Tomren dei to siste vinnarane av?

2. Kva er eit korstroll?

3. Kva by kjem ishockeylaget Stjernen frå?

4. Kor mange taggar har stjerna i flagget til Israel?

5. Kva stjerne, som òg går under namnet «hundestjerna», er den lysaste stjerna på nattehimmelen?

Svar: Stjerne: 1. Stjernekamp 2. Sjøstjerne 3. Fredrikstad 4. Seks 5. Sirius

Øyer

1. Kva landemerke står på øya Liberty Island i New York?

2. Kva land høyrer øya Åland til?

3. På kva øy i Irskesjøen heiter hovudstaden Douglas?

4. På kva øy ligg tettstaden Torvastad?

5. Ved kva by ligg øya Munkholmen?

Svar: Øyer: 1. Fridomsgudinna (Statue of Liberty) 2. Finland 3. Isle of Man 4. Karmøy 5. Trondheim

1970-talet

1. Kva svært kjend nordmann vart fødd 20. juli 1973?

2. I kva komiserie kan vi møte karakterane Michael Kelso og Jackie Burkhart?

3. Sommar-OL i 1972 vil bli hugsa for eit terrorangrep mot israelske utøvarar. I kva by skjedde dette?

4. Kva land vart invadert av Sovjetunionen i 1979?

5. Kven tok over som amerikansk president då Richard Nixon gjekk av og var dermed president frå 1974 til 1977?

Svar: 1970-talet: 1. Kronprins Haakon Magnus 2. That 70s Show 3. München 4. Afghanistan 5. Gerald Ford

Kraft

1. Kven var i 1687 den første som formulerte gravitasjonskraft matematisk?

2. Kva ord på f blir brukt om sterk kraft av fisk, kjøt eller grønsaker?

3. Kva heiter kraftstasjonen ved Rjukan der norske motstandsfolk gjennomførte ein sabotasjeaksjon under den andre verdskrigen?

4. Kva teikneseriefigur blir gjort kraftlaus av stoffet kryptonitt?

5. Kva tysk band har laga album som Autobahn og Electric Café?

Svar: Kraft: 1. Isaac Newton 2. Fond 3. Vemork 4. Supermann 5. Kraftwerk

Kva er…

1. rumba?

2. akrofobi?

3. ethereum og tether eksempel på?

4. glasiologi?

5. persimon?

Svar: Kva er?: 1. Ein dans 2. Høgdeskrekk 3. Kryptovaluta 4. Studien av/læra om isbrear 5. Frukt (det blir omtala som frukt sjølv om det eigentleg er eit bær, så både frukt og bær kann godtakast som svar).

For dei minste

1. Kva heiter hovudstaden i USA?

2. Kva idrett driv Casper Ruud med?

3. Er bjørk eit bartre eller lauvtre?

4. Kor mange gram er det i eit kilo?

5. Kva tone kjem mellom G og H i C-durskalaen?

Svar: For dei minste: 1. Washington DC 2. Tennis 3. Lauvtre 4. Tusen 5. A