- Det her var siste sjanse til å prøve ut sjølvlaga materiell på eit publikum før vi skal avgarde å konkurrere på Blues-festivalen på Notodden, fortel Iver Strand Senneset.
Saman med band-kompisane Halvor Nesbakk (vokal), Håvard Lågeide (bass) og Oliver Igland (trommer) stod han på scena framfor godt over 100 publikummarar laurdagskveld.
Lagar instrument av skrot
- Vi spelte to sett på nesten ein time kvar. Eg trur dei som høyrde på kosa seg, for dei var framleis ikkje mette etter dei to timane, seier han.
Han legg til at å spele "heime" på Havly var ein veldig fin måte å lade opp til Blues-festivalen på Notodden, som dei skal spele på komande veke.
Byr på tradisjonsmat til kystfestivalen
Senneset, som spelar gitar i band-kvartetten, fortel at dei gler seg veldig til å stå på scena på ein så stor festival, og at dei aldri har vore med på noko av same storleik.
Spelar på mange strengar
Det er i samband med norsk Union bluescup at Bremangerbandet skal spele på Blues-festivalen i Notodden.
- Vi håpar sjølvsagt på å gjere det bra, men det kjekkaste vert å spele musikk som vi likar for øyrer som likar blues, avsluttar Senneset.