Supergruppa Aha har dei sett av fire millionar kroner til fire nye norske artistar som ei økonomisk hjelp og eit stort PR-handslag på vegen fram til ei eventuell internasjonal karriere.
Saman med seks musikalske tungvektarar har dei tre medlemmene i a-ha plukka ut åtte norske talent og grupper som er i finaleheatet.
Ei av gruppene som er plukka ut er Selje-bandet og årets Urørt-vinnar Pink Robots.
I går vart suksessbandet frå Selje presenter over ei heilside i VG, saman med dei sju andre finalistane.
To og to artistar og grupper er sett opp mot kvarandre. Vinnaren av dei fire duellane får ein million kroner.
Saman med millionen kan det også følgje jobb som oppvarmingsband for a-ha på avskjedskonsertar og annonsering i VG for ein ny million.
Les heile saka i papirutgåva fredag 4. juni.