– Eg blei så glad då eg høyrde det at eg måtte rope høgt. Eg ropte «hipp hurra» fleire gongar. Tusen takk til utvalet som einstemmig gjekk inn for å gi uglene mine ein plass å bu.

Turid fortel at det å lage eit uglefjell eller ein uglepark er noko ho har jobba for i nesten 20 år, og no skal det endeleg bli noko av.

– Det er så gøy! Det er heilt fantastisk for meg å tenke på. Eg får nok kanskje ikkje sjå det sjølv, men det er så kjekt å tenke på at det skal byggast og stå i Måløy sentrum. Min favorittby på heile jorda.

Turid fekk kreft i november, og er alvorleg sjuk. Likevel gjer det ho godt å tenke på at uglefjellet skal bli realitet.

No bekymrar ho seg for finansiering.

– Eg må takke Roy Husevåg også. Han er ein god venn og arkitekten min på dette prosjektet. Han starta ein spleis som fekk inn cirka 38.000 kroner. Men vi treng meir. Så eg håpar vi kan få til ein stor loppemarknad der inntekta kan gå til ugleparken. Døtrene mine skal hjelpe meg med det. Og så får Parkinsonsforeininga stå over ein loppemarknad denne gongen, smiler ho.

Under open himmel

Området der det no skal kome ein uglepark ligg mellom Måløyraidsenteret og Jobbpartner i Gate 1. Området er enn så lenge planlagt å vere under open himmel.

Turid er innforstått med at dei uglene som kan stå ute, er dei som kan brukast.

– Og dersom vi klarer å søke bankar og liknande om støtte kan ein kanskje tenke meir vern. At ugleparken då varer ein avgrensa periode er eg innforstått med og trur framleis det blir kult.

– Den vil vere utsett for vêr og hærverk som all anna kunst og pynt i sentrum, men eg håpar at lyssetting og eventuelt kamera vil hindre ein del av det sistnemnde, legg ho til.

Planen er å finne ut kor mange ugler som toler å stå under open himmel og kor mange som kan behandlast til å tole det.

– Blir det færre enn 2.000 kan ein justere området, seier ho, og held fram:

– Håpet er at dersom, eller når, uglene blir slitne og ikkje kan stå lenger, blir dei tatt vekk og plassen kan brukast uansett, slik den då blir eller til ei anna kunstutstilling.

Håpar å kome i gang over sommaren

Arkitekt Roy Husevåg er svært glad for vedtaket som kom i oppvekst- og kulturutvalet.

– Eg er kjempeglad. Dette betyr at vi kan gå vidare og søke om midlar til prosjektet, starte med prosjektering og ta kontakt med entreprenørar, seier han.

Husevåg håpar at prosjektet skal bli ferdig i løpet av året.

– No må vi først få på plass finansiering og få til ei byggesak. Det veit vi kan ta litt tid, men vi håpar å komme i gang på tomta rett over sommaren.

I februar i år starta Husevåg ei innsamling til prosjektet. Målet var å samle inn 25.00 kroner.

– Vi enda på nesten 40.000 kroner, fortel Husevåg.

Dei 40.000 kronene kom frå 142 personar.

– At så mange har valt å støtte prosjektet med eigne pengar er veldig stas, seier arkitekten.

Uglefjellet er tenkt plassert mellom Heradsheim (t.h.) og lokalet som i dag husar Jobbpartner. Slik ser området ut i dag. Foto: Håvar Fagerli
Dei førebelse skissene viser ein minipark med plass til å «stille ut» om lag 3.000 ugler. Den har ein indre diameter på fem meter og ein stor sirkulær sittebenk i midten. Parken er ei eiga verd trekt tilbake frå gata og med fokus på eit tydeleg skilje på innanfor/utanfor. Foto: Roy Husevåg

Sa einstemmig ja

Saka om uglefjellet i Måløy vart handsama av oppvekst- og kulturutvalet tysdag.

– Dette er ei verkeleg gladsak. Vi gjekk einstemmig inn for å seie ja til prosjektet og gåva, seier leiar Leif Magne Gil i oppvekst- og kulturutvalet i Kinn kommune.

I tillegg til å seie ja til prosjektet ønskte utvalet å vere ein part vidare i saka.

– Vi skal ikkje vere med å bestemme noko meir, men vi ønskjer å få orienteringar framover, seier Gil.

Han har stor tru på at uglefjellet blir eit fint tilskot til Gate 1.

– Området som er tenkt utnytta er ikkje noko fint i dag. Så eg trur dette blir kjempefint og det blir spennande å følge prosjektet vidare.