– Det som var så kjekt i fjor var at ungdommen faktisk fekk det med seg. Dei klarte å snappe opp at det skjedde noko, seier Anne Grethe Strand, som er kulturmedarbeidar i Kinn kommune.

Det kan ha noko å gjere med at informasjonen gjekk ut på ei snapchatgruppe som heiter Ung i Vågsøy.

– Her var det fleire hundre som såg innlegga våre når vi la ut noko, så det fungerte godt som kontaktkanal, smiler Strand, som også fortel at dei også delte ut brosjyrer og snakka med ungdommen.

Saman med Frivilligsentralen har ho derfor i år også lagt opp til aktivitetar for unge over 13 år kvar tysdag i sommarferien, frå veke 25 til og med veke 32.

Den første er allereie komande tysdag, 21. juni. Då blir det gratis bowling og pizza i Måløy.

– Bowling, coasteering og hengekøyeturen krev påmelding, men på dei andre aktivitetane er det berre å møte opp, seier Strand.

Friluft, grilling og kos

I programmet byr dei på både aktivitetar i fjæra og i sjøen, bowling, grilling, coasteering, kino, hengekøyetur og mykje meir.

Ein av aktivitetane ein kan vere med på er coasteering. Det handlar om å svømme, klatre og hoppe i fjæra. Foto: Anne Grethe Strand

Noko som var ekstra kjekt i fjor var at ungdom som var på besøk i området også blei med. Så det håpar Strand skjer i år også. Så om du har besøk av søskenbarn, venner eller andre, er det berre å ta dei med.

– Vi håpte jo på at lokal ungdom skulle ønske å vere med i fjor, så det var ekstra kjekt å sjå at ungdom på besøk også vågde å bli med og melde seg på. Det må dei berre gjere i år også. Alle er hjarteleg velkomne, seier Strand.

Fordi nokre har sommarjobbar er aktivitetane lagt til ettermiddag og kveld så alle skal få sjanse til å vere med.

Dei som ønskjer å melde seg på hengekøye-tur eller coasteering vil få meir informasjon ved å sende ein melding til Anne Grethe Strand. Foto: Anne Grethe Strand

Heilt gratis for alle

Sjølv om kommunen er med på arrangementa er det Frivilligsentralen som har skaffa midlane til å gjennomføre det heile gratis.

– Vi har fått Bufdir-midlar som gjer dette mogleg, fortel Siv Anett Kupen, som er leiar for Frivilligsentralen i Måløy-delen av Kinn kommune.

– Alt er gratis. Om det er mat på arrangementet, eller utstyr som trengs til ein aktivitet, så kostar det ingenting. Og om nokon skulle trenge transport til ein av aktivitetane, så skal vi ordne det også, seier Strand.

Program:

Tysdag 21. juni: Bowling og pizza. Påmelding

Tysdag 28. juni: Coasteering på Tennebø/Evja. To grupper à to timar, og det er Sjøbris Adventure som er arrangør. Påmelding.

Tysdag 5. juli: Hengekøy-tur med overnatting på Vågsberget. Du treng ikkje køye, vi har til utlån. Her kan du bade, vi tar med utespel, grillmat til kvelden og frukost. Tilgang til toalett. Påmelding

Tysdag 12. juli: Aktivitetar på Vågsberget. Her kan du teste ut kajakk, SUP, fiskelykka, krabbefiske, lære deg å sette opp eit telt eller korleis bruke primus. Ingen påmelding, berre å møte opp.

Tysdag 19. juli: Grilling, spel og bading på Refviksanden. Om det trengst transport frå Måløy, sei ifrå. Transport frå Refvik/Deknepollen om nødvendig.

Tysdag 26. juli: Grilling, spel og bading på Refviksanden. Om det trengst transport frå Måløy, sei ifrå. Transport frå Refvik/Deknepollen om nødvendig.

Tysdag 2. august: Grillkos og kanopadling på Refvikvatnet. Oppmøte ved den raude låven med veggmaleri i svingen i enden av vatnet.

Tysdag 9. august: Film på Måløy Kino. Film blir annonsert på Måløy kino sin Facebook.