– Eg og søstera mi, Heidi, vil nominere Hilde Klungreseth, som jobbar som frisør i Bremanger og Kalvåg, til dagens julestjerne. Ho er heilt fantastisk og står på så heile ytre skal få klipt seg til jul, og elles i året sjølvsagt, seier Silje.

Dei er begge kundar av frisøren, men Hilde har også blitt ei god venninne.

Silje fortel at Hilde ofte jobbar ti til tolv timar om dagen, og at ho alltid er hyggeleg, smilande og i godt humør.

– Ho har vore aleine som frisør i ytre i fleire månader, så ho fortener verkeleg julestjerna, meiner Silje.

Då Fjordenes Tidende tok kontakt med Hilde for å fortelje at ho skal få julestjerne vart ho svært overraska.

– Nei, gurimalla. No vart eg både rørt, overraska og veldig glad, smiler ho.

Ho er veldig takknemleg for nominasjonen og for alle dei trufaste kundane ho har.

– Som frisør så veit eg kor viktig dette med hår er, spesielt no i jula, så eg prøver berre å hjelpe så mange som mogleg og eg kosar meg på jobb kvar dag, seier Hilde før ho må tilbake til kunden ho har i stolen.