Nær 460 personar fann vegen til premiera i Operasalen onsdag kveld.

– Som ein liten og lokal opera i Sogn og Fjordane er det og vår oppgåve å tilføre operekunsten nye verk innanfor våre rammer. Det meiner vi at vi har lukkast med gjennom Sildagapet. Det er ein prestasjon å produsere og formidle ei historie som denne, der nesten alle involverte er frå regionen, på dette nivået, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

– Vi håpar publikum i kveld er like nøgde med kvelden som vi er og at dei som fortsatt ikkje har bestemt seg om å gå, no vil kjøpe seg billettar og bli med oss tilbake til 50-talet.

Ein ekstra spennande kveld var dette sjølvsagt for dei to som har skrive operaen. Komponist Helge Sunde og librettist Jostein Avdem Fretland har følgt øvingane den siste veka og har vore spente på tilbakemeldinga frå publikummet hjå Opera Nordfjord.

Operaen har tilsaman åtte framsyningar med Sildagapet dei neste vekene, 6., 7., 8., 11., 13., 14. 15. oktober.

Sjå stor bildeserie øvst i saka.