Del­ar av fes­ti­val­en måt­te flyt­te innomhus på grunn av uven­ta snø­fall, men arrangør Silje Rusten er likevel godt for­nøgd med Vanylven sin første vår­fes­ti­val og Fiskå sin nye lei­ke­plass.

– Vi vil­le rett og slett ha ein fes­ti­val for å hyl­le vår­en. Vi leng­t­ar jo etter den hei­le vin­te­ren, sei­er Silje Rusten, som frå torsdag til søndag heldt vårfest i Vanylven.

Eit av høg­de­punk­ta var op­nin­ga av den nye lei­ke­plass­en ved Combisenteret.

– Hei­le om­rå­det er Vanylven kom­mu­ne sin ei­ge­dom. Dei har vore så snil­le å låne det vekk til meg til dei treng det sjølve. Utan deira vel­vil­je kun­ne eg verk­en laga lei­ke­plass eller bakgard til Brasserie Smask.

Rusten har sjølv fi­nan­si­ert lei­ke­ap­pa­ra­ta, og un­der vår­fes­ti­val­en kun­ne bar­na ta det nye om­rå­det sitt i bruk.

– Det blir kjekt med ein leikeplass i Fiskå sentrum. Un­g­ane stor­kos­te seg der, og vi fekk ein ny­de­leg soldag der på søn­dag, sei­er ho.

Sjølv om vår­en er sein i år, og det både hag­la og snød­de eit par av dag­ane un­der fes­ti­val­en, sy­nest Rusten firedagarsfestivalen gjekk bra.

– Eg had­de jo plan­lagt alt ute, men her måt­te eg ber­re snu. Men alt i alt sy­nest eg det gjekk bra. Alt gjekk som plan­lagt.

Les heile saka i Fjordenes Tidende fredag.