Til kylling adobo treng du:

½ dl soyasaus8 kvitlaukssfedd, hakka og steikt lett i ei panne1 ss pepar1 dl sitronsaft (kan vere for syrleg så ta etter din smak)2 laurbærblad, knust1 boks hakka tomatar4 store kyllinglår med skinn2 løk, skårne i tynne skiver2 vårlauk, hakka (bruk både det kvite og det grøne)½ liter vatnOlivenolje

Slik lagar du kylling adobo:

Dag 1: Bland soyasaus, steikt kvitlauk, pepar, eddik, laurbær og tomatar i ein bolle. Ha kyllingen i marinaden. Del den gjerne i fleire stykke.

Varm ei panne med god olivenolje og steik kyllingstykka. Vend stykkene slik at dei vert bruna på alle sider. Tilsett lauken og la den bli brun og mør. Ta ut lauken og kyllingen og ha ½ liter vatn i panna for å få ut dei gode smakane. Hell dette over i sausen. Legg kyllingen og lauken over på ein tallerken.

Hell saus over og strø over deileg vårlauk.

Tips:

Ris er eit veldig godt alternativ attåt denne retten. I staden for kylling kan ein bruke andre typar kjøt.