– Det betyr mykje for meg å vite at nærare 400 vener og familie er i salen for å heie på meg, seier Oselie. Vi møter MGPjr-finalisten på fotballtrening med jenter frå 14 til 17 år i Eid IL.

For Oselie Henden er ei aktiv jente med fleire talent. Ho er krinsmeister både i langrenn, skiskyting og fotball. Og no altså ein av ti artistar som er plukka ut til å delta i finalen i MGPjr. 1255 låtar var med i konkurransen. Showet blir sendt i beste sendetid på NRK laurdag kveld, og fører med seg stor merksemd, spesielt i aldersgruppa born og unge.

Oselie har ein del å forsvare, sidan sambygdingane Vilde & Anna gjekk heilt til topps i fjor med låten Vestlandet. Ho er offensiv og seier målet er å vinne.

– Ja, alle har vel lyst å vinne. Kvifor ikkje? Vilde & Anna vann i fjor, det inspirerer. Alt er mogleg.

Med stor slekt på Stadlandet og i Måløy vil det nok vanke mange stemmer frå kysten også til Oselie sin sjølvkomponerte låt Verda vår.

Ikkje nervøs

«Uredd» er innrykket vi sit att med etter å ha snakka med Oselie. Nokon har den eigenskapen at til meir folk og meir oppstyr, til betre trivast dei og til betre presterer dei. Ho verkar å vere i den kategorien.

Når vi ymtar frampå om at det kanskje kan framkalle ein del nervar å skulle stå på scena med opp til 15.000 menneske i salen og resten av landet i sofaen framfor TV-en, så er svaret tvert om.

– Til fleire folk til betre er det. Eg elskar å synge og elskar å opptre. Det er berre moro å vere i vinden. Eg berre gler meg veldig.

MGPjr-finalisten fortel at ho satsar meir på idrett enn på musikk. Ho trur det medverkar til at ho held roa.

– Musikk er hobby. Det er idrett eg satsar mest på.

Ho venta mellom anna med å reise til Oslo til tysdag. Det var ein viktig kamp mot Stryn måndag ho måtte ha med seg.

Lovar å gje alt frå salen

Venninnene på fotballaget gler seg til oslohelga der høgdepunktet blir å sjå ei frå deira eige lag stå på scena innpakka i alt NRK har å by på av jubalong, fanfare og show. Og det er ikkje lite.

– Klart vi gler oss veldig. Det blir kjempekjekt. Oselie er veldig flink å synge, så eg trur ho kan gjere det godt. Og så blir det kjekt med ein oslotur saman med mykje kjentfolk, seier Eveline Skrede Anderson om det som ligg an til å bli ein happeningen og ei vidare smitte av MGPjr-feberen på Eid. Dei lovar å gjere det dei kan for å gje støtte frå salen.

– Det blir full jubel!

Inspirert av vener frå andre land

Oselie fortel at teksten til låten vart til på skulen. Flyktningkrisa som råka verda i fjor, gjorde sterkt inntrykk på henne. Det er dette songen handlar om.

– Eg har nære vener med opphav i andre land, og det har gjeve meg mange inntrykk.

– Eg skreiv først eit dikt i ein norsktime. Så skreiv eg fleire, og fann ut at eg kunne setje dei saman til ein songtekst. Eg tok med dikta mine heim, sette meg ved pianoet, og så hadde eg til slutt ein låt eg var nøgd med, fortel ho.

– Det eg sende inn til konkurransen 1. februar var teksten med piano til. Så har det utvikla seg derifrå. Eg var i studio i Trondheim i vår og spelte inn ein versjon. Så har eg fått hjelp av proffe produsentar frå MGPjr-systemet til å utvikle låten vidare. Eg var heldig som fekk jobbe i studio ein heil dag saman med proffe musikkprodusentar. Det var fantastisk.