– Heilt fantastisk, vi er storfonøgde allereie, seier Laila Schult i Måløy Kunstlag om oppmøte på opninga av utstillinga til den nasjonalt annerkjente kunstnaren, Tor-Arne Moen.

Og dei mange besøkande var også tydeleg begeistra for dei til saman 24 kunstverka som hang på veggane.

Det var mange imponerte besøkande innom galleriet på opningskvelden, torsdag. Foto: Benedikte Flataker

– Dette er utruleg flotte bilete. Eg er veldig imponert, han har til og med klart å skape bevegelse i bilete med tresnitt, det er godt gjort, seier ein av gjestane, Ludmila Høydal, og legg til at ho spesielt godt likte bileta Moen har laga med dyremotiv.

Moen sjølv var overvelda over det gode oppmøte, og gjekk rundt som eit einaste stort glis.

– Eg er veldig glad for å vere her i Måløy for første gong, og det er ekstra kjekt at så mange ville ha med seg opninga. Eg har tidlegare høyrt veldig mykje fint både om byen og galleriet her, og eg er ikkje skuffa, seier han.

Kunstaren fortel at namnet på utstillinga «Tellus Terrarium» er latin, og tyder jorda og eit tørt akvarium.

– Eg gjort det til ein slags leik, der eg sjølv vel kva eg ønsker i mitt akvarium, eller på mitt bilete om du vil.

Sa ja med ein gong

Han fortel at det eigentleg var litt tilfeldig at Måløy enda opp som ein av stadane han stiller ut på denne turnéen.

Laila Schult og Tone Holvik delte begge fine ord om kunstnaren som er busett på Notodden. Foto: Benedikte Flataker

– Eg hadde eigentleg heile toårs-planen med alle utstillingsplassane klar, utan at Måløy var sett opp som stoppestad. Men så fekk eg ein forespurnad frå kunstlaget her, og det viste seg at eg hadde ledig tid akkurat då dei ønskte meg hit. Eg har jobba mykje med ein anna kunstnar som har stilt ut bilete her tidlegare og berre høyrt lovord, så då var det ikkje vanskeleg å seie ja.

Laila Schult i kunstalget, understrekar at det gjekk overraskande lett å få Moen til Måløy og Den Blå Hesten.

– Vi hadde trudd at vi måtte til med referanser, og verkeleg kjempe om å få han hit, men han sa ja med ein gong. Det var veldig kjekt. Det er ein kunstnar vi har ønska oss lenge, og vi tok kontakt for over to år sidan, fortel ho.

Moen hadde fleire salg, allereie på opningskvelden. Foto: Benedikte Flataker

'

Store verdiar

Schult legg til at galleriet har heva forsikringa si i høve denne utstillinga.

– Verdiane i denne utstillinga er mykje høgare enn det vi vanlegvis stiller ut her, og den vanlege forsikringa vår strakk ikkje til. Vi kan sjølvsagt ikkje erstatte slike verdiar dersom noko skulle skje, så då må vi berre endre forsikringa slik at den dekker alle verdiane.

Prisen på alle bileta i utstillinga har ein verdi på over 1,1 millionar kroner, der dei dyraste verka kostar 180 000 kroner per stykk.

Bileta til Moen skal pryde veggane til Den Blå hesten fram til 22. oktober, og galleriet held ope fredagar, laurdagar og søndagar.

I tillegg vert det ståande ein skjerm i vindauget, dei dagane galleriet er stengt.

i tillegg til bileta på veggane, var mange også interesserte i videoane der Moen viser korleis han lagar kunsten sin. Foto: Benedikte Flataker

– Vi har ein TV-skjerm som viser ulike filmar av Tor-Arne Moen i prosessen med å lage kunstverka sine. Den vil gå på repeat og også vise nokre av bileta også etter stengetid. Slik hadde vi det sist utstilling også, og vi synest det fungerte veldig bra, fortel Schult.

Kunstutstillinga skal også fungere som opplæring for kulturskulen i veka etter haustferien, noko kunstlærar Gerd Endestad er veldig glad for.

– Vi prøvar å få til ein slags ekskursjon til galleriet kvart år. Denne utstillinga er ideell. Vi jobbar mykje med mønsterbygging for augneblinken, og det er det mykje av i bileta til Moen. I tillegg skal vi jobbe med tresnitt etter jul, så dette blir ei slags første innføring, fortel ho.

Kulturskulen skal disponere galleriet i tre dagar.