- Vi håpar både veslebror og bestemor finn sin favoritt på programmet i år, seier Roy Aron Myklebust.
Saman med Måløy Handelsforening ser han fram mot Måløydagene 25. til 27 juni.
- Dette er den store folkefesten i Måløy. I år synest eg vi har eit meir jamnt over godt program enn vi har hatt tidlegare. Her får du alt i frå humor, god musikk og skateboardshow, fortel Roy Aron Myklebust i Gaman Underhaldning.
I år som i fjor er Gaman Underhaldning leigd inn av Måløy Handelsforening som teknisk arrangør for Måløydagene.
Som vedlegg til papiravisa onsdag 23. juni ligg det store Måløydagmagasinet.