Ho er leiar i koret Vestavind som denne helga inviterte til oktoberfest.

– Vi visste ikkje heilt korleis det kom til å bli, og så er det jo første gong vi arrangerer noko slikt, fortel Nygård Aasebø.

Enda med full sal

Ho fortel at det likevel gjekk over all forventning.

– Vestavind fekk publikum i storform og salen på grendehuset vart til slutt full, fortel Nygård Aasebø.

Ho fortel at det både vart Frankfurter-pølser, jodling og dans utover kvelden.

– Vi hadde jo øvd oss på å jodle, og fekk spørsmål frå gjestane om å gjere dette fleire gongar, så det var veldig stas, fortel kor-leiaren og legg til at også Vestavind-damene var «heilt i hundre» gjennom kvelden.

Besøk frå mange kantar

Ifølgje Nygård Aasebø var det stor variasjon blant dei frammøtte.

– Det var veldig mange ukjende ansikt, og ein god del folk frå både Bryggja, Måløy, Raudeberg og Nordfjordeid. Vi hadde til og med besøk frå Atløy i Ask-voll, fortel ho.

Nygård Aasebø trekk fram at det var særleg kjekt at mange ungdommar valde å ta turen utover kvelden.

– Til slutt var det fullt av folk frå mange forskjellige plassar og i ulike aldrar i salen.

Trur på ny fest neste år

Nygård Aasebø fortel at ideen om å arrangere oktoberfest først kom opp på eit styremøte i februar.

– På møtet vart det foreslått å arrangere noko slikt, men så har vi hatt mykje på agendaen, påpeiker ho.

Nygård Aasebø fortel at dei no er inne på tanken om å arrangere oktoberfest fleire gonger, etter at arrangementet i helga vart vellukka.

– Vi har fått veldig mykje positiv respons, og særleg frå folk frå Eid som synest det er kjekt at det skjer noko, påpeiker ho.

Leiaren legg også til at det er mykje førebuingar knytt til slike arrangement.

– Vi hadde ikkje klart å gjennomføre utan hjelp frå alle ektemennene til damene i koret. At De tre rustne herrar var med og spelte bidrog også til eit endå betre arrangement, avsluttar ho.