Pro

1. Kva ord blir brukt om eit ekteskap inngått for å oppnå lovmessige fordelar?

2. Kva ord blir brukt om ein positivt lada partikkel?

3. Kva ord blir brukt om å utsetje ting, for ofte, gjerne slik at det blir til ulempe for ein sjølv?

4. Kva bilprodusent har modellen Proace?

5. Kven var det som ifølgje gresk mytologi stal elden frå gudane?

Svar: Pro: 1. Proforma 2. Proton 3. Prokrastinere 4. Toyota 5. Prometeus

Renessansen

1. Kva betyr ordet renessanse?

2. I kva europeisk land starta renessansen?

3. Kva filosof er kjend for sitatet «Eg tenker, altså er eg»?

4. Kva måleri frå tidleg på 1500-talet er òg kjent under namnet La Gioconda?

5. Kva vitskapsmann måtte avsverje at jorda gjekk rundt sola framfor den katolske inkvisisjonen i 1633?

Svar: Renessansen: 1. Gjenfødsel 2. Italia 3. René Descartes 4. Mona Lisa 5. Galileo Galilei

Johnny og Johnnie

1. Kva er det Johnny Logan er åleine om å ha vunne to gongar?

2. Kva slags drikk er Johnnie Walker?

3. Kva Johnny var ein sentral figur i TV-showet Jackass?

4. Kva skrekkfilm frå 1980 er sitatet «Here’s Johnny!» henta frå?

5. Under kva namn er John Lydon, vokalist i Sex Pistols, betre kjend?

Svar: Johnny og Johnnie: 1. Eurovision Song Contest 2. Whisky 3. Johnny Knoxville 4. The Shining/Ondskapens hotel 5. Johnny Rotten

Afrikanske hovudstadar

1. Kva heiter hovudstaden i Algerie?

2. I kva land heiter hovudstaden Yaoundé?

3. Kva heiter hovudstaden i Libya?

4. I kva land heiter hovudstaden Addis Abeba?

5. Kva land bytte hovudstad i 1996, frå Dar-es-Salaam til Dodoma?

Svar: Afrikanske hovudstadar: 1. Alger 2. Kamerun 3. Tripoli 4. Etiopia 5. Tanzania

Sjølvsagt – eller?

1. Kjem transportselskapet Deutsche Bahn frå Tyskland?

2. Ligg byen Kansas City i staten Kansas?

3. Kjem fotballklubben West Ham frå vest-London?

4. Renn elva Niger gjennom landet Niger?

5. Er Spansketrappa i Spania?

Svar: Sjølvsagt – eller?: 1. Ja 2. Nei (i Missouri) 3. Nei (frå aust-London) 4. Ja 5. Nei (i Roma)

Friidrett

1. Kven av Ingebrigtsen-brørne tok gull i OL i Tokyo?

2. På kva distanse vann Vebjørn Rodal OL-gull?

3. Idrottslaget Gular er eitt av dei mestvinnande norske friidrettslaga. Kva by kjem Gular frå?

4. I kva grein har svenske Armand Duplantis verdsrekorden?

5. Ca. kor tung er ei kule i kulestøyt for menn – 3, 5, 7 eller 9 kilo?

Svar: Friidrett: 1. Jakob 2. 800 meter 3. Bergen 4. Stavsprang 5. Ca. 7 kilo

Måne

1. Kva år vart Neil Armstrong den første til å gå på månen?

2. Kor mange personar i alt har vore på månen – er det 3, 6, 9 eller 12?

3. Kva heiter månen på latin?

4. Kva gruppe ga ut albumet Dark Side of the Moon?

5. Kva planet krinsar månane Io, Europa, Ganymedes og Callisto rundt?

Svar: Måne: 1. 1969. 2. 12. 3. Luna 4. Pink Floyd 5. Jupiter

Sol

1. Kva vitamindrikk for barn har vore på marknaden sidan 1934?

2. Kva land kjem ølmerket Sol frå?

3. Kva heiter Thor Heyerdahl sin flåte som har namn etter ein egyptisk solgud?

4. Kven skreiv romanen Og solen går sin gang (The Sun Also Rises)?

5. Kva to land i Sør-Amerika har ei sol i flagget sitt?

Svar: Sol: 1. Sana-sol 2. Mexico 3. Ra 4. Ernest Hemingway 5. Argentina og Uruguay

Volvo

1. Volvo er eit latinsk ord. Kva betyr det?

2. Kva livreddande utstyr i bil vart introdusert av Volvo i 1959?

3. Kva tiår vart modellen Volvo 740 lansert?

4. Kva Volvo-modell er i tittelen på ein song av Øystein Sunde?

5. Kva norsk forfattar skreiv romanen Volvo Lastvagnar?

Svar: Volvo: 1. Eg rullar 2. Sikkerheitssele 3. 1980-talet (1982) 4. Amazon (Gammal Amazon) 5. Erlend Loe

For dei minste

1. Kva er nærast jorda av sola og månen?

2. Kva er rug og bygg eksempel på?

3. I kva land ligg byen München?

4. Kvar kjem ein viss ein tek ferje frå Anda?

5. Området rundt Nordpolen blir kalla Arktis. Kva blir området rundt Sydpolen kalla?

Svar: For dei minste: 1. Månen 2. Kornsortar 3. Tyskland 4. Lote 5. Antarktis