– Mannen min sat og øvde på den fordømte fela, og det begynte å verke i øyra. Så begynte verken å gå ned i tennene. Då tenkte eg berre: Dette går ikkje lenger, seier Heidi Endal til Fjordenes Tidende.

Ho fann fram telefonen og Facebook:

– HJELP! No går det på helsa laus! Er det nokon i Vanylven som kan lære mannen min å spele fele? Hive snart ut både fela og mannen... i hvert fall fela om han ikkje finn seg ein felelærar, skreiv ho i rein desperasjon.

– Og læraren må starte med det heilt grunnleggande sidan mannen ikkje kan det steikje støv!

Men Heidi kan eigentleg skulde seg sjølv.

– Eg var så dum at eg kjøpte han ei fele i julegåve for to år sidan fordi han hadde så lyst til å lære seg å spele fele. Eg tenkte at eg burde kjøpe noko han ønskte seg. Men det er den verste julegåva eg nokon gong har kjøpt. Eg har angra så mange gongar.

Glad i Sigrid Moldestad

Ho har ein mistanke om at mannen kan vere forelska i Sigrid Moldestad og elskar det ho klarar å trylle fram på ei fele.

– Men kjære folk! Det funkar faktisk ikkje med han og fele, ler ho.

Mannen jobbar heldigvis vekke, så øvinga skjer berre når han er heime, fortel Heidi.

– Eg vil jo eigentleg at han skal få lov til å øve, for eg er veldig snill. Men når smerten begynner å gå ned i tennene, då forstår ein at lyden er så uhaldbar at det ikkje går lenger, forklarer ho.

No er ho fast bestemt på å finne nokon som kan klare å hjelpe han, men er usikker på om det går. Ho har sjølv forsøkt med skalaen eller ein enkel song.

– Eg har prøvd å lære han «Lisa gikk til skolen», og det er så grusomt at du vil ikkje tru det.

Svigersønene har også prøvd, og til og med lasta ned ein app for å prøve å stemme strengane.

Til og med det eldste barnebarnet reagerer.

– Han sat og las medan mannen min spelte, og til slutt såg han opp frå boka og sa: «Sei meg, morfar, er det ikkje råd å stemme den fela di?» seier ho og legg til:

– Videoar på Youtube hjelper ikkje. Han forstår det berre ikkje. Eg har til og med søkt han inn i kulturskulen på Åheim, men han fekk avslag, ler ho.

– Men spele det skal han!

No håper ho nokon kan forbarme seg over han.

– Eg må finne nokon som kan hjelpe den mannen, for av og til fristar det å sparke ut både han og fela, ler ho.

Men dei har hatt det morosamt med fela også. Ein gong fekk mannen og fela vere med på revy.

– Eg skreiv ein revy til ungdomslaget i bygda før koronaen slo inn. Planen var at Johan på slutten av ein song skulle komme dansande inn på siste verset med fela, og late som han spelte. Men han måtte sjølvsagt kome borti strengane, ler ho, og fortel at ei dame på første rad filma den spesielle seansen.

Om Heidi klarer å la vere å trakke på fela eller øydelegge den på annan måte, håpar ho at garasjen mannen driv på å bygge kan bli ein ny arena for felespeling.

Det som overraskar mest er korleis mannen fortset å øve utan å kunne noko som helst.

– Eg veit ikkje kva det er. Han kan jo ingenting. Men fele skal han spele!

Ho forsikrar om at ho ikkje kjem til å kaste ut mannen sjølv om annonsen var litt dramatisk.

– Vi er nok like forelska, vi, sjølv om han ikkje kan spele fele, ler ho.