– Det var fantastisk å få lov til å snakke om det viktigaste for meg på heimebane, seier Ingeborg Sol Fure til Fjordenes Tidende.

Ingeborg nytta høvet under Nordfjordtreffet til å fortelje kva naturen i heimregionen har betydd for henne i kampen mot ei spiseforstyrring som starta då ho var ung. Men også om korleis ein kan komme seg ut av ein slik situasjon ved å vere meir bevisst på eigne val.

Ho tok publikum med til Måløy og familien i barndommen og formidla fleire av mora sine gode råd:

– Mamma er den klokaste personen i heile verda.

Og til ungdomstida – ei tid der folk oppfatta henne som ein ungdom som hadde det godt, gjorde det bra på skulen og på fotballbana.

Ingeborg fortalde om korleis ho bruker naturen til å stoppe opp og berre vere. Korleis ho har gått frå å reagere med redsle og til å ta bevisste val, gjerne utifrå kjærleik og ein intensjon om kva ho ønsker å oppnå.

– Det var rett og slett ei heilt rå oppleving å få halde dette føredraget på Nordfjordtreffet, særleg med tanke på alle dei fine tilbakemeldingane eg fekk etterpå, seier ho.

– Veldig skummelt

Ingeborg har vore sjølvstendig næringsdrivande i to år no.

– Det var veldig skummelt å ta steget fullt ut og satse på å leve av lidenskapen min som er foto, å reise, historieforteljing og å arrangere turar, seier ho.

Det var ei spesiell tid då ho bestemte seg for dette.

– Heile verda stengde ned på grunn av pandemien, men eg er glad eg kasta meg ut i det. Det har blitt mange og varierte kundar dei siste par år.

No gler Ingeborg seg til å gå inn i sitt tredje år heilt på eigne bein.

– Eg er takknemleg for å få lov, seier ho.