Så at sildeoperaen har skapt operainteresse blant eit heilt nytt publikum, kan han skrive under på.

– Eg hadde mitt yrkesaktive liv på måløybåtar, og eg minnest sildeeventyret godt. Det var så mykje båtar i Måløy at ein kunne gå tørrskodde til Deknepollen. Det kunne vere 30 båtar å gå over når ein skulle i land. Dette skapte problem for Hurtigruta. Ho måtte ofte ligge og vente på at det vart rydda for å kome gjennom, fortel han.

Glitrande billettsal: Onsdag kveld var det premiere på «Sildagapet – ein opera om havets sølv». Sildeoperaen har skapt operainteresse blant eit nytt publikum, og billettsalet har ikkje vore så bra sidan 2011 då Tryllefløyten stod på programmet. Det er selt 2.700 billettar til førestillingane.

Han hugsar også tydeleg at det var så mykje sild at det vart eit problem.

– Det var om å gjere å ikkje få for mykje sild i nota, elles kunne ein risikere at ho sprakk. Sette ein garn, og fekk sild i kvar maske, sakk garnet, minnest han.

Nore var med i ein gjeng på 47 personar frå Seniorakademiet i Måløy som kom med buss til premieren. Dei kalla opplegget «kulturoppleving» og hadde også ordna med mat før operaframsyninga.

– Storfornøgd

Lokalhistorikar Terje Sølvberg innrømmer at han var spent på korleis dei skulle samanfatte sildehistoria i Måløy i ein opera. Etter premieren kunne han ikkje vore meir nøgd.

Sildekassesnikkar Erling gjer det meste feil. Han set garden på spel i kortspel mot rollefigurar spela at Knut Sverre Nes, Paul Jacob Helgesen og Magne Fremmerlid.

– Eg er storfornøgd. Det var ei stor glede å få oppleve sildehistoria sett i scene. Det er ei stor historie med mykje folk involvert. Så skal ein setje det saman til ein opera med folkeliv, kjærleik og drama. Alle momenta var der. Sjølv om handlinga er oppdikta, kjenner ein godt att dei historiske elementa og karakterane. Historia hadde vi, og det var folk, liv og røre – akkurat slik det var den gongen, samanfattar lokalhistorikar Sølvberg.

Han har vore det viktigaste tidsvitnet i samband med tingingsverket Sildagapet – ein opera om havets sølv av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde. Då styret i Opera Nordfjord bestemte seg for å lage opera om sildeeventyret på 1950-talet, var Sølvberg den første dei kontakta. Lokalhistorikaren var sjølv med på dette eventyrlege fisket som var kjærkome i tøffe år etter andre verdskrig.

Kjende att typane

– Silda var mat, drikke og pengar. Notbasen var lett gjenkjenneleg, det same var fiskarane, og jentene på dansen. No håpar eg folk gler seg over det ein har fått til, og går for å sjå, høyre og støtte opp, seier Sølvberg til Fjordenes Tidende.

Operasjef Kari Standal Pavelich var også nøgd då vi snakke med henne etter premieren.

– Tilbakemeldingane er gode, vi klarer å begeistre. Eg føler vi har treft godt, seier ho.

Tid for blomar: Etter framsyninga vanka det blomar, applaus og gratulasjonar.

Ifølgje dei som styrer med billettsalet har det ikkje vore så bra sidan 2011 då Tryllefløyten stod på programmet.

– Vi har allereie selt 2.700 billettar, og operaveka er knapt nok byrja, seier Pavelich.

Komponisten sat på nåler

Komponist Helge Sunde frå Stryn, no busett i Bærum, var nøgd etter det som faktisk var ei verdspremiere i Operahuset på Eid onsdag kveld.

– Som komponist sit du på nåler, og du veit akkurat kvar dei kritiske partia er. Eg har vore her den siste veka før premieren. Eg synest det gjekk fint, det var ei bra premiere, seier Sunde.

Han påpeika samantreffet med at han sjølv er fødd på sjukehuset 200 meter frå scena der operaen han har komponert vart vist første gong.