– Det var kjempeflott, seier Sonja Boonstra i styringsgruppa til det nystarta korpset Oldstar Brass, etter deira fyrste konsert.

Med berre tre øvingar i bagasjen som eit heilt ferskt korps, starta i februar, heldt Oldstar Brass sin fyrste konsert i Davik.

Dei er rundt 25 medlemmar frå Davik, Rugsund, Ålfoten og Svelgen.

– At denne konserten kom no var berre ein tilfeldigheit. Ein frå bygda spelar i Hammerbakken Blæseensemble i Bærum og ville ta ein tur hit for å spele, då fekk vi eit mål vi også. Det er veldig fint å ha eit mål å øve fram mot, og dei kunne no, fortel Boonstra, som sit i styringsgruppa saman med Henny Hansen og Beathe Leirgulen.

Prøveprosjekt

For å ha ein eigen korpsarena for vaksne, vart det bestemt å starte opp Oldstar Brass. Men det er på vilkåret at ein held fram i det lokale korpset.

– Det kan vere kjekt å ha eit miljø der vi vaksne spelar saman, seier Boonstra.– No skal vi i styringsgruppa evaluere dette prøveprosjektet og konserten, og finne ut kva vil framover, men alle vil at dette skal halde fram, fortel ho.

– Veldig nøgde

Det har vore intense veker for korpset for å bli klare til konserten i tide. Dirigenten for korpset er Johnny Sælemyr.

– Johnny har køyrt oss hardt den siste tida, men konserten var deretter. Vi fekk mykje skryt under festen etter konserten, og vi er veldig nøgde sjølve, fortel Boonstra, som spelar kornett i korpset.

Variert program

Marie Bakke var solist under konserten, og song to songar saman med Norvall Klungresæter på piano og gitar. under songen He ain't heavy, spelte Fay Løvseth solo.

Ho er vanlegvis dirigent for korpset i Davik/Ålfoten i tillegg til Rugsund. Dei spelte også låtar som The power of love, Gabriellas song, og Vikingkirken, og dei spelte to fellesnummer med Hammerbakken Blæseensemble.

Ein av dei svært nøgde publikummarane var Solveig Hagebråten som hadde teke turen frå Ålfoten.

– Det var ein alle tiders konsert. Eg skulle ha høyrt på dei heile kvelden. Det var så flott, fortalde ho.