Minneord om Gunnar Midtbø

Tidleg i juli mottok vi den triste meldinga om at Gunnar hadde gått bort, 93 år gamal. Gunnar var æresmedlem i Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF).

Gunnar vart fødd i 1930, same år som STIF vart stifta. Far til Gunnar, Lauritz Midtbø, var ein av fire som vert rekna som initiativtakarar til å starte eit idrettslag i Svelgen. Gunnar vart utnemnd til æresmedlem i STIF alt i 1977, men gjorde svært mykje godt arbeid for idrettslaget i mange år etter det.

Som 24-åring vart Gunnar i 1954 vald til formann i hovudstyret i idrettslaget. Dette vervet hadde han også i dei to påfølgande åra, samt i 1958. Han hadde også åtte år som styremedlem i hovudstyret på 50- og 60-talet, samt i 1980. I Friidrettsgruppa var Gunnar formann i 1961, 1965, 1974 og 1975, samt styremedlem i to år. På 80-talet hadde Gunnar også verv i volleyballgruppa, der sønene Helge Robert og Frank var aktive.

Då Svelgen Idrettshus vart bygd i 1993, vart mykje av arbeidet gjort på dugnad av STIF-medlemane. Gunnar var ivrig på dugnaden, og møtte opp jamnleg opp under bygginga for å ta i eit tak. Då Svelgen Idrettshus vart opna vart Gunnar og Kolbein Halse spurt om å vere gratisarbeidande vaktmeistrar for STIF i Idrettshuset, noko dei også takka ja til. At dei to arbeide gratis for STIF, gjorde at STIF fekk mykje rimelegare leige av idrettshuset, noko som kom STIF-medlemane til gode ved låge treningsavgifter. Dei to gjorde ein kjempeinnsats for STIF og Idrettshuset gjennom mange år, og i årsmeldingar og på årsmøte vart dei kvart år takka for sin store og viktige innsats som vaktmeistar. Gunnar var samanhengande vaktmeister frå opninga i 1993 og fram til 2015.

Gunnar var i sin ungdom aktiv i turnmiljøet i STIF. I åra f.o.m. 1946 t.o.m. 1957 deltok STIF kvart år med ein herretropp på krinsturnstemna i Sogn og Fjordane, og Gunnar var med på ti av desse. I desse åra var STIF kjent i fylket for sine store og flotte herreturntroppar. Gunnar var også med då STIF i 1948 deltok på Vestlandsturnstemnet i Bergen, og på landsturnstemna på Lillehammer i 1950 og i Halden i 1954.

Gunnar var òg ein god sprintar, og hadde gode plasseringar i krinsmeisterskap på 100 m, 200 m og stafettar. I STIF si historiebok «Heia STIF!», som kom ut i 2003, var Gunnar registrert med den gode tida 11,6 sek på 100 m som 18-åring. Dette var berre 0,3 sek bak klubbrekorden i STIF, som Gunnar sin læremeister Alf Zachariassen sette i 1931, og som stod i 60 år til 1991.

Svelgen Turn- og Idrettsforening lyser fred over minnet til Gunnar.