Det var nemleg Kamilla sitt store ønske, å røre bestefaren sin til tårer med songen. Det var i staden bestevenninna Alyssa som enda opp tårevåt der ho stod saman med besten og såg Kamilla synge.

– Det berre treffer

Mentor Yosef Wolde-Mariam var den første som snudde seg for Kamilla, men Espen Lind kasta seg med heilt på slutten av songen til Wolde-Mariam si store forskrekking.

– Når det kjem nokon som formidler, og det berre treffer, så blir eg så glad, sa Wolde-Mariam.

– Du tør å gjere låten på ein streit og ærleg måte. Du gjer deg ikkje til, du prøver ikkje innbille nokon at låten er noko anna enn den er. Du berre er i låten. Og da lager du augeblikk som gjer at folk blir dratt med, sa Espen Lind.

Begge ville jobbe med Kamilla, men ho innrømte at ho hadde håpt på at Yosef snudde seg. 18-åringen fekk ein gedigen løfteklem som takk.

Spesiell, rar og aktiv

Før opptredenen sin sa Kamilla at ho såg seg sjølv som ei rar og spesiell jente.

– Eg likar å vere aktiv og glad.

Om Nordfjordeid meinte ho at det var ein sånn plass der alle visste alt fordi alle visste kven alle andre var.

Ho hadde aldri tenkt å vere med på The Voice. Det var det Besten som pusha henne til.

– Han er min nummer ein støttespelar, sa Kamilla, og la til:

– Er berre så glad i han. Eg håper å få besten til å reagerer. Tenk å grine på TV. Eg håper han gjer det!

Besten, på si side, returnerte rosen.

– Ho er helt fantastisk, og song fantastisk, helt nydeleg.