Anna Lille klarer å fange akkurat det ho ville i «Stealing the Scene». Det å miste meir og meir kontakt med den beste vennen eller venninna når han eller ho får sin første kjærast, er eit kjent tema for dei fleste.

Vennen legg kanskje ikkje lenger merke til at du har klipt deg. Ho eller han som eigentleg burde snakka deg ut av å tru at du ville kle akkurat den frisyren. Den vennen du saknar å snakke med 20 gonger om dagen og som plutseleg ikkje har tid til deg. Ein annan person har blitt viktigare og du går over i ei birolle i livet til vennen din.

«Cut my hair short at home last week. Did you ever even notice? You should’ve said it was a bad idea, like I did when you almost got your nose pierced …»

– Songen handlar om at du berre er god nok når desse vennane har eit problem med den nye kjærasten. Då kjem dei til deg for å prate eller få gode råd, sa Anna Lille til Fjordenes Tidende då vi snakka om hennar første singel som soloartist.

Kler engelsk språkdrakt

Der mange artistar går frå å synge på engelsk til norsk, går Anna den andre vegen. Det kler henne veldig godt.

Ho syng sårt, men behageleg, og først i refrenget får frustrasjonen sleppe laus. Men heller ikkje der trøkker ho skikkeleg til, noko som kjennest veldig riktig. For sjølv om frustrasjonen tar tak i ein, har ein eigentleg berre lyst at telefonen skal ringe eller ein snap frå vennen plinge inn.

«But I can’t wait for something extraordinary to happen. Biding my time. Waiting for you to come back. Come back to me. I’m so tired of playing the extra to all your leading roles. Conversations we have are just fillers. Before you bring in the big guns. Always stealing the scene».

Kven har ikkje hatt ein slik venn? Og kanskje har du vore denne vennen sjølv? Vi kunne gjerne fått endå fleire vers med fleire situasjonar der ein blir vald vekk til fordel for den nye kjærasten. For dette var lett å kjenne seg igjen i og tankane går til tenåra der vennskap er både viktig og vanskeleg.

Det er ingen tvil om at Anna Lille er talentfull både som tekstforfattar og songar. Ho bruker stemma si på ein avslappa og stemningsfull måte og trykket ho legg på orda come back framhevar bodskapen i songen.

Anna må med «Stealing the Scene» konkurrere om merksemda på den store popmarknaden. Det kan sjølvsagt bli ei vanskeleg oppgåve, men vokalen og gitaren sender tankane til ein annan norsk artist som har klart nettopp det, Marit Larsen.

Og Anna sitt refreng – det sit som klistra på hjernen.