Elevane på vg 1 frisør, blomster, interiør- og eksponeringsdesign ved Eid vidaregåande skule har nemleg jobba med ei Halloween-utstilling som ein no kan sjå i vinduet ved eine inngangen i Operahuset på Nordfjordeid.

Her er elevane som har jobba med Halloween-utstillinga. Foto: privat

– Det starta med at dei arbeidde med å lage masker. Maskørfag er også er retning dei kan gå vidare med etterpå. Dette arbeidet tok dei med inn i arbreidet med utstillingsdesign der dei har jobba fram ei Halloween-utstilling, seier Unn Henden, lærar ved Eid vidaregåande skule til Fjordenes Tidende.

Grunnen til at dei valde temaet Halloween er at det er den tida av året og det viser igjen. Går du langs forbi Operahuset er det vanskeleg ikkje å legge merke til utstillinga. Eine personen har eit hovud rundt halsen og ein svart katt på skuldra, og klassiske Halloweenfargar som svart, kvitt, oransje, raudt og lilla går igjen.

– Og så er jo Halloween noko som engasjerer litt meir enn ein del andre ting, seier Henden.

Elevane brukte ein dag på å lage til utstillinga.

– Eg trur dei likte godt å jobbe med dette, og det er kjekt at folk legg merke til den, smiler Henden.

Kjem du til å kle deg ut eller pynte til Halloween? Send gjerne bilde til fjt@fjt.no eller tagg oss med #fjtno på Instagram, så presenterer vi eit utval i avisa.

Dette synet ventar deg dersom du går forbi utstillinga. Foto: privat
Litt av synet som treffer deg. Foto: Kjellrun Åsebø
Elevane brukte ein dag på å lage til utstillinga. Foto: Kjellrun Åsebø
Dersom du elskar Halloween er dette ei utstilling du kjem til å like. Foto: Kjellrun Åsebø
I utstillinga har dei også brukt masker dei har laga sjølve. Foto: Kjellrun Åsebø
Ein svart katt på skuldra ser på deg. Foto: Kjellrun Åsebø