– Vi prøver å ta Måløydagene tilbake til det det var tidlegare. Så det er ein bevisst tanke rundt å få tilbake sildebordet og konkurransane, forklarer Bjørn Tungevåg i arrangementskomiteen.

Håpar folk byr på seg sjølv

Komiteen håpar å gje sildebordet og silda ein renessanse i helga.

– Dette har ikkje blitt laga til på nokre år no. Men om ein går 20 år tilbake i tid stod skilandslaget og delte ut sild. Det var veldig stort, og då åt alle sild, sjølv om dei ikkje likte det. Det heng kanskje saman med at det var Bjørn Dæhlie som delte den ut, men vi føler at silda er i tida igjen, også blant dei unge, og prøvar å gje sildebordet ein ny start, seier Tungevåg.

På programmet står også ein tvekamp. Denne er inspirert av Ta sjansen og konkurransen som handla om å kome seg over ein telefonstolpe i Torghopen, som mange nok hugsar frå tidlegare år.

– Vi trur dette kan blir eit veldig artig innslag. Eg håpar og trur dette vil trekke ein god del folk. Slike ting er verkeleg kjekt, men det avheng av at folk melder seg på og byr på seg sjølv.

– Høgdepunkta står i kø

Komiteen er godt fornøgd med årets program, og trur dei har noko å by på for dei fleste.

– Tvekampen kan bli eit høgdepunkt og noko folk hugsar om det blir godt med påmeldingar. Vidare har vi to veldig kjekke show i teltet i vente, seier Tungevåg, og fortset:

– Fredagsshowet med ein Roxette-tribute er noko vi har snakka om lenge. Med så mange flinke vokalistar lokalt og eit såpass bra band, kan dette bli utruleg tøft. ABBA-showet trur eg også blir veldig bra, og eit høgdepunkt.

Måløy Musikklag har i fleire år vore eit fast innslag i festivalteltet, men musikantane har ikkje høve å stille på årets arrangement.

– Musikklaget kunne heller ikkje for to år sidan, og då lagde vi vårt eige show. Det vart ei god erstatning. Når vi set opp slike show får publikum litt ulik underhaldning i løpet av kvelden. Dette er noko som tiltalar mange, og då blir det mykje publikum og god stemning. I tillegg er det allment akseptert at der er publikummarar frå 18 til dei godt over 80 år, smiler Tungevåg.

Trass i at førebuingane, som komiteen no er i innspurten av, krev mykje arbeid frå dei involverte, meiner Tungevåg at Måløydagene er noko som høyrer sommaren til i Måløy.

– Det er mykje tradisjon knytt til Måløydagene. Eg synest det er eit viktig arrangement.