– Dette er det kulaste! Eg diggar Honningbarna, seier Håkon til Fjordenes Tidende etter den store opplevinga.

Håkon Berg Nes frå Nordfjordeid er 23 år, og er ein svært erfaren Malakoff Rockfestival-deltakar.

– Eg har vore på veldig mange festivalar, men dette er det aller, aller kulaste, seier Håkon, og spring vidare til neste konsert.

Vokalist Edvard Valberg og resten av gjengen i Honningbarna er kjent for å vere aktive ute blant publikum på konsertane sine. Men akkurat dette samspelet med Håkon vart spesielt, også for Honningbarna.