– Dette er nok den beste elvisfestivalen eg har vore på. Det er flotte menneske, eit fantastisk band å opptre med, det er profesjonelt og godt organisert og ein vakker stad, så eg nyt tida i Måløy.

Lovar å lage show

Årets festival, som går av stabelen 4., 5. og 6. august, blir Popescu sitt fjerde besøk i Måløy.

– Eg blir overvelda over å bli invitert til festivalen for fjerde gang, men det må bety at arrangørar og publikum er fornøgde med showa eg har gjort. Eg skal gjere mitt aller beste for å gje publikum eit fantastisk show i år også, seier Popescu, og legg til:

– Folk i Måløy er begeistra over elvisfestivalen, og dei veit verkeleg korleis dei skal lage god stemning og fest. Det er umogleg å ikkje like publikum og den fantastisk fine plassen.

Sjølv om den erfarne og aktive artisten begynner å kjenne seg heime i Måløy, har han også blitt utfordra på festivalscena.

– Eg hugsar at eg skulle synge nokre songar i kyrkja, men alle songane som blir sunge i kyrkja er ikkje gospel. Eg hugsar ikkje heilt kva nummer det var, men det var i alle fall ikkje gospel og eg lurte veldig på kva eg skulle gjere, fortel Popescu, og held fram:

– Eg tenkte «Skal eg bevege meg? Skal eg danse? Går det bra? Kva kjem dei til å seie?». Men eg rocka den kyrkja, og responsen var fantastisk.

Popescu er svært begeistra for kyrkjekonserten, men gler seg også spesielt til å gjere 68 Comeback Special.

– Folk elskar den skinndressen, smiler Popescu.

Frå Måløy til verdas største elvisfestival

Arrangørane er svært fornøgde med å ha fått måløyvennen tilbake til festivalen, men dei kan også by på fleire store namn innan sjangeren.

– Bill Cherry er tilsett i Elvis Presley Enterprises og er ein av dei fremste tributeartistane i verda. Om du ser på konsertlista hans skal han mellom anna til Nashville, Las Vegas og Tupelo før han kjem til Måløy, fortel festivalsjef Helge Hjelle.

– Og etter han har vore her reiser både han og Jimmy Holmes, som også kjem, til verdas største elvisfestival i Memphis, legg Geir Tharaldsen i festivalen til.

Han fortel at opp mot 100.000 menneske besøker denne festivalen.

Holmes som blir eit nytt kjennskap for festivalpublikummet erstattar Di Diogo Light som ikkje kan stille grunna sjukdom. Men han er inga dårleg erstatning lovar arrangørane.

– Jimmy har sunge elvislåtar sidan han var fem år. Han var også med far sin, som var tibuteartist, på konsertar frå han var tre, fortel Tharaldsen.

Ny på festivalplakaten er også Mark Summer. Ifølge arrangørane er han ein god rockar og litt annleis enn mange av dei andre artistane.

– Han plukkar gjerne fram scener frå nokre av Elvis sine mange filmar, brukar kostyme og spelar og syng ut scenene, forklarar Hjelle.

– Og så må vi nemne at han har blitt kåra til den beste i Storbritannia fleire gongar, og der er Elvis verkeleg populær, legg Tharaldsen til.

To norske tributeartistar er også med i år. Dette er europameister Morgan Voien, som arrangørane karakteriserer som landets beste tributeartist, og sjølvsagt Måløy sin eigen Elvis.

– Det blir ikkje elvisfestival utan at Isak Søraa står på scena, seier Hjelle.

Har skapt seg eit namn

Elvisfestivalen i Måløy har blitt godt kjent blant dei internasjonale tributeartistane, og arrangørane opplever at artistane gjerne vil kome til festivalen.

– Då Bill Cherry var i Måløy førre gong spurde Helge: «Do you want to come back to Måløy next year?», svaret «Oh yes!» kom i løpet av sekund, seier Tharaldsen.

– Vi har definitivt skapt oss eit namn, og det gjer at vi kan velje artistar frå øvste hylle, legg Hjelle til.