– Det blir bord og stolar, så vi trur det blir intimt og koseleg. Dette har vist seg å vere eit konsept som fungerer godt for oss. Vi brukar amfi til standup og større konsertar, men når vi køyrer klubbkonseptet blir det meir uformelt og publikum kjem nærare artisten, forklarar Silden Totland.

– Denne turneen er kort sagt ei oppsummering av Hanne Sørvaags karriere, med låtar frå de aller første albuma, til hennar siste album med gjesteartistar, heiter det i ei pressemelding.