Naustedalen Spelemannslag er tildelt Fylkeskappleiken for 2017 og arrangemetet skal haldast fredag og laurdag 31. mars og 1. april  i den nyombygde Naustdal Barne og Ungdomsskule.

I fjor var kappleiken i Kjølsdalen i Nordfjord og då var med 330 enkeltdeltakarar med i tevlingane.

- Når  kappleiken i år blir halden meir midt i fylket er det grunn til å tru at deltakinga blir minst like stor. Det blir tevlingar i solospel på ulike instrument, folkesong, bygdedans, gammaldans, gruppe- og lagspel, trur årets arrangørar.

Hovudarena blir fleirbrukshallen  medan resten av skulen blir brukt til matservering og øvingsrom.

I 2015 blei Naustedalen Spelemannslag utnemnd til Årets folkemusikkarrangør og dei to åra før dette var laget nominert som Årets lag. Dette forpliktar og Rigmor Bjørkedal som er leiar for laget og kappleiksjef fortel at det har vore arbeidt i lang tid med å førebu kappleiken.

Nytt av året er at det er oppretta ei ny klasse for durspellag (torader) og trekkspelklubbar. I tillegg til sjølve fylkeskappleiken blir det halde ein meir uhøgtidleg kappleik for born og unge på  laurdag ettermiddag som blir kalla Smørbukkappleiken. I fjor var det 78 enkeltpersonar med på denne fordelt på enkeltutøvarar, grupper og lag.