Namn:Torill Eide Tennebø
Alder:43 år
Adresse:Måløy
Sivilstatus:gift
Yrke:driftsleiar for Måløy Treningssenter AS
Hobby:trening i forskjellig form
Aktuell med:Måløy Treningssenter arrangerer Rosa Sløyfe-aksjon i Måløy laurdag i samarbeid med Brystkreftforeningen i Nordfjord

– Kva er Rosa sløyfe-aksjonen?

– Rosa Sløyfe er ei internasjonal folkebevegelse, og i Norge står Brystkreftforeningen og Kreftforeningen saman om aksjonen. Målet er å vise solidaritet med brystkreftramma, spreie informasjon og auke kunnskapen om brystkreft, samt å støtte brystkreftforsking. Rosa Sløyfe-aksjonen vert markert verda over kvart år i oktober.

– Så blir det òg løp i Måløy?

– Det blir eit gateløp som går i Gate 1 og Gate 2 i Måløy. Dette er eit løp alle kan vere med på. Du kan gå, springe eller sykle så mange rundar som du vil. Det blir også eit motbakkeløp, Veten Opp, som går frå Torget i sentrum til Veten, 615 m.o.h, 3,26 km. Det er for dei som vil ha litt meir fysisk utfordring.

– Kvifor ville du vere med som arrangør av aksjonen?

– Vi hadde lyst å vere med å støtte aksjonen, og vi hadde lyst å gjere det på ein måte som og fremmer viktigskapen av fysisk aktivitet. Både for oss som er så heldige å vere friske, men òg for dei som er ramma av kreft er det viktig å vere i aktivitet. Arrangementet blei så godt mottatt første året at vi lova å prøve igjen året etterpå. Og deretter har det berre balla på seg og blitt ein årleg aktivitet. Alle som jobbar på treningssenteret stiller opp på dugnad for Rosa Sløyfe-aksjonen og det gjer at vi klarer å gjennomføre det.

– Og i år blir det flashmob også?

– Vi tenkte at det ville vore kjekt å motivere endå fleire til å vere med, og kanskje spesielt barn og unge. Så då måtte vi prøve å gjere noko som kanskje ville fenge dei, og musikk og dans er jo kjekt. Vi var så heldige at vi blei godt mottatt då vi spurte om å kome ut i skulane for å lære flashmoben til elevane. Turngruppa i MIL har jobba med den på sine grupper og øvingsfilm ligg tilgjengeleg på nettsida vår. Så vi håpar mange har lyst å vere med. Tenk om vi kunne fått ein stor gjeng, kanskje med noko rosa på seg, til å fylle Torget på laurdag og vise at vi kan gjere noko saman. Det hadde vore kjekt, det!

– Kven er arrangementet for?

– Det er for alle. Alle kan delta på ein eller annan måte. Om ein ikkje har moglegheit til å vere med fysisk på nokre av løypene, så kan ein komme på Torget og kjøpe seg eit startband og ta seg ein kaffi. Det viktigaste er å møte opp.