I året som gjekk hadde venelaget 102 medlemmar, og styret har handsama 31 saker i året som gjekk.

Ei av desse er å få på plass ein bautastein på Bø på Selja til minne om at Olav Haraldsson (seinare Den Heilage) steig i land der i år 1015.

– Olavssteinen på Bø vil verte ein attraksjon i seg sjølv, og gje høve til å fortelje mange historier om Selja si posisjon i norsk historie, skriv styret.

Avdukinga skal skje i 2018.

På årsmøtet som blir halde i Sunnivahuset blir det i tillegg til faste årsmøtesaker blant anna orientering om arbeidet i Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad ved Maria Vengen.

– Alle er velkomne, ikkje berre medlemmer av venelaget, skriv styret.