Kva er…

1. odontologi?

2. mangold?

3. Bulbasaur?

4. parafrase?

5. chimichurri?

Svar: 1. Læra om/studien av tennene 2. Urt/grønsak 3. Ein Pokémon-figur 4. Ei omskriving/attgjeving av innhaldet i ein tekst 5. Ein saus

Nils Arne Eggen

1. Kva yrkesbakgrunn hadde Nils Arne Eggen utanom fotball?

2. Kva klubb førte Eggen til eit overraskande seriegull i 1987?

3. Fekk Nils Arne Eggen landskampar for Noreg?

4. Fullfør dette Eggen-sitatet: “There is hope in a hanging …”

5. Kor gammal vart Nils Arne Eggen: 70, 75 eller 80?

Svar: 1. Lærar 2. Moss 3. Ja 4. snore (snøre) 5. 80 år gammal

TV2

1. I kva by har TV2 sitt hovudkontor?

2. Kva heitte TV2 si strøymeteneste TV2 Play tidlegare?

3. Kven spelar rolla som Juni Anker Hansen i Hotel Cæsar?

4. Kven er programleiar for Farmen Kjendis?

5. Med same etternamn som ein norsk by, kva heiter konsernsjefen i TV2?

Svar: 1. Bergen 2. TV2 Sumo 3. Anette Hoff 4. Tiril Sjåstad Christiansen 5. Olav Sandnes

Ein skal ut

1. Kva er ikkje eit grunnstoff av Europium, Indium, Americum og Italium?

2. Kven av Harrison Ford, Russell Crowe, Leonardo Di Caprio og Nicolas Cage har ikkje vunne Oscar for beste mannlege hovudrolle?

3. Kva for eitt av landa Guinea, Belize, Eswatini og Gabon ligg ikkje i Afrika?

4. Kva for eitt av laga Juventus, Borussia Dortmund, Porto og Arsenal har ikkje vunne Champions League i fotball for menn?

5. Kva for eitt av namna Harrison, Johnson, Robertson og Madison er ikkje eit etternamn til ein amerikansk president?

Svar: 1. Italium 2. Harrison Ford 3. Belize 4. Arsenal 5. Robertson

Frankrike

1. Renn elva Loire ut i Middelhavet eller Atlanterhavet?

2. Kva er førenamna til dei to målarane Monet og Manet?

3. Kva er namnet på den historiske regionen der teikneserien Asterix går føre seg?

4. Kva produkt er det franske konsernet Yoplait mest kjent for?

5. Kven skreiv romanen Madame Bovary?

Svar: 1. Atlanterhavet 2. Edouard og Claude 3. Gallia 4. Yoghurt 5. Gustave Flaubert

Leiarar

1. Kva stilling fekk Jens Stoltenberg 4. februar i år?

2. Kva tittel har statsleiaren i Brunei?

3. Kva la kommisjonen som vart leia av Alexandra Bech Gjørv fram ein rapport om i august 2012?

4. Kven var leiar for partiet ANC frå 1991 til 1997?

5. Kva organisasjon er Tedros Ghebhreyesus leiar for?

Svar: 1. Sentralbanksjef 2. Sultan 3. 22. juli 4. Nelson Mandela 5. Verdas helseorganisasjon (WHO)

Pengar

1. I USA blir ein 10 cent-mynt kalla dime. Kva blir ein 5 cent-mynt kalla?

2. I kva land heiter valutaen rand?

3. Kva uttrykk blir brukt om ein tilstand med vedvarande vekst i prisnivået, og at ein dermed får stadig mindre varer for ein bestemt pengesum?

4. Kva valuta består av 100 kopek?

5. Kva er den høgaste valøren (verdien) på euromyntane?

Svar: 1. Nickel 2. Sør-Afrika 3. Inflasjon 4. Rubel 5. 2 euro

Ost og vin

1. Kva type ost utgjer meir enn halvparten av TINE sin samla eksport av ost?

2. Kva land kjem vinprodusenten Matua frå?

3. Kva land kjem retten ostefondue frå?

4. Kva fransk ord blir definert som «vinduft, aroma, – en del av vinens karakter» på Vinmonopolet si heimeside?

5. Kva mjølk er cheddarost laga av?

Svar: 1. Jarlsberg 2. New Zealand 3. Sveits 4. Bouquet/buké 5. Kumjølk

Kort

1. Kva farge er i namnet på kortet som viser at ein har opphaldsløyve i USA?

2. Kva kallar ein kort som blir brukt til å spå med? Ein stokk med slike kort inneheld 78 kort.

3. Kva er eit prospektkort?

4. Kva heiter serien der Kevin Spacey og Robin Wright spelar president og presidentfrue?

5. Kva heiter spelet der deltakarane har to kort i panna og skal ved hjelp av hint prøve å finne ut kva namn og stad som står på korta?

Svar: 1. Grønt (green card) 2. Tarotkort 3. Postkort (heilt nøyaktig eit postkort med bilde) 4. House of Cards 5. Kortskalle

For dei minste

1. Kva tre land har Noreg grense mot?

2. Kva heiter barnet til ei ku?

3. Er Arktis området rundt Nordpolen eller Sørpolen?

4. Nemn eitt av åra den andre verdskrigen gjekk føre seg.

5. Kva figur består av katetar og hypotenus?

Svar: 1. Sverige, Finland og Russland 2. Kalv 3. Nordpolen 4. 1939-1945. 5. Trekant/triangel