Det har blitt litt forandringar for strandfestivalen denne sommaren. Konsertrekka fredag måtte avlysast på grunn av sterke vindkast.

No tar også arrangementkomiteen grep for laurdagen under juniorfestivalen på dagtid. I staden for Local Lads kjem Even Melheim Mulelid for å skape god stemning.

– Elles er det ikkje forandringar. Det blir leikar og aktivitetar, matsal og mykje moro. Og ikkje minst sukkerspinn til alle, smiler Eva Marie Pleym.

Det betyr altså at Local Lads skal spele laurdag kveld som planlagt. Det er berre på dagtid endringa gjeld.

Det vil seie at dei som tar turen i Samfunnshallen på føremiddagen får sjå både den kjente breakdancegruppa Absence Crew frå Bergen og cheerdancegruppa MIL Cheer. Begge dansegruppene vil ha eigne dansenummer, men også nummer saman.