Nedanfor scena trefte eg på Ingeborg Sol Fure mange gongar gjennom kvelden. Eg kjenner at eg er litt misunnleg på henne. Fordi ho har betre kamera enn meg. Foto: Kjellrun Åsebø
OK då. Fordi ho også er flinkare å ta bilde enn meg. Og så er ho alltid hyggeleg og smilande. Det er irriterande med slike personar. For då er det så vanskeleg å vere misunneleg i ordet si rette betydning. Foto: Kjellrun Åsebø
Ein gjeng stod ei stund og lurte på kva dette kva var for noko. Foto: Kjellrun Åsebø
Dei gjekk rett forbi og gløymde å sjekke frå andre sida. Foto: Kjellrun Åsebø
Desse derimot skjønte poenget. Ein jentegjeng frå Gol der ei er frå Bryggja. Og parykkane deira er frå Gran Canaria. Foto: Kjellrun Åsebø
Dette er visst søskenbarna til Elin Kråkenes og skal vere eit søskenbarnbilde. Det einaste eg tenkte på då eg tok bildet var at det ikkje var plass til dei 214 andre søskenbarna til Elin på Kråkenes-sida inne i ramma. Foto: Kjellrun Åsebø
Det er mykje kjæleik overalt. Eg veit i alle fall at når eg kjem heim frå festivalen skal eg klemme mannen min. Ikkje det at vi ikkje klemmar nok. Men ein blir så inspirert. Foto: Kjellrun Åsebø
Julianne er glad i Vilde. Julianne hadde tenkt å låne ein sånn dress tilsette i barnehagar har for å halde varme ute i mange timar. Men ho kom slik. Dei trengde nok dressane sine sjølve i temperaturen som var meldt. Foto: Kjellrun Åsebø
Eg er litt usikker på kva desse gjer på. Men det såg kjekt ut. Foto: Kjellrun Åsebø
Når ein går rundt på området blir ein imponert over kor mange som er i arbeid og som tar i eit tak for at over 1000 menneske skal ha ein kjekk kveld. Foto: Kjellrun Åsebø
For den konsentrerte bildeserielesar vil ein sjå at det er eit par tre stykker som går igjen i denne bildeserien. Foto: Kjellrun Åsebø
Skraut eg av Kent Rune Bugjerde og gjengen i den første bildeserien? Eg gjer det igjen. Foto: Kjellrun Åsebø
Dette er Eva Marie Pleym som er i den same gjengen. Her er ho på veg ned igjen etter å ha filma publikum og stemninga. Sjekk det fornøgde smilet. Verdt å betale eit festivalpass for. Foto: Kjellrun Åsebø
Torill Eide sørger for å filme Chris Holsten. Ho kunne sikkert lært Holsten og Ruben nokre dansebevegelsar som kunne passe inn i stilen deira. Foto: Kjellrun Åsebø
Eg også har lyst på blomsterkrans rundt halsen. Men eg får ikkje lov å kjøpe fleire enn dei eg har på loftet. Forstår ikkje kvifor ein ikkje skal få lov å kjøpe alt ein vil ha av ting ein liker. Viss eg skulle ha valt ein ny jobb hadde det blitt butikk med sal av blomsterkransar, hoppeslott, trampoliner og vannsklier. Foto: Kjellrun Åsebø
Apropos jobb. Eg innsåg raskt at mange av festivaldeltakarane var tidlegare elevar av meg frå då eg jobba som lærar. Og kor kjekt er ikkje det! Her er Sunniva, Iselin og Kim-André Kupen godt utstyrt i tilfelle regnet kjem for fullt. Foto: Kjellrun Åsebø
Og så slo det meg kor mange fleire som rettar opp handa på konsert enn i klasserommet... Foto: Kjellrun Åsebø
Eg går rundt på festivalen og får med meg kor utruleg mange som er inne på området. Sjølv om det er god plass til alle. Foto: Kjellrun Åsebø
Andreas og co frå Kadaver laga mat som berre det. Det gjorde dei også fredag sjølv om festivalen blei avlyst. Foto: Kjellrun Åsebø
Eg er så vand med å sjå Kim-Andre i telefonen på jobb at eg i eit lite sekund trudde han tok ein jobbtelefon midt under konserten. Foto: Kjellrun Åsebø
Men han prøvde visst å ringe ein kompis som var på den andre sida av festivalområdet. Eg sa ingenting til han om at det kanskje er vanskeleg for kompisen å høyre telefonen når det er full trøkk på scena. Foto: Kjellrun Åsebø
Her er nokon fleire som har forstått poenget, men ikkje heilt korleis treffe inni ramma. Foto: Kjellrun Åsebø
Kjenner at eg saknar å vere saman med både venninner og vennar. Ei sånn god lang økt der ein berre tyter og ler. Gjerne så ein får vondt i magen. Foto: Kjellrun Åsebø
Og ei sånn økt der ein kan le av å vere saman med nokon ein berre kjenner litt også. Eg hugsar ein gong eg lo slik av ein kommentar Anne Grete Degnepoll sa på ein sosialkveld med ei felles venninne at eg hadde gangsperre i magen i to-tre dagar. Ho eine på bildet er forresten ho som dansa oppå ein kabeltrommel. Foto: Kjellrun Åsebø
Noko av det tøffe med Strandfestivalen er at dei sel sydvestar med Strandfestivalen på. Herleg ironisk og heilt på sin plass. Her er ei superfornøgd Iren. Foto: Kjellrun Åsebø
No må vi ikkje gløyme at dette handlar om konsertar. Sif og ei venninne har klart å bane seg veg heilt fram til scenekanten. Foto: Kjellrun Åsebø
I Strandbaren var det fullt køyr. Foto: Kjellrun Åsebø
Eg kjenner at eg har berre lyst på det som er i den rosa trillebåra. Pepsi Max er jo himmelen. Eg gler meg til å ta ein sånn avlang iskald Pepsi Max-boks når eg kjem heim. Foto: Kjellrun Åsebø
Du blir ikkje glad berre av folk som smiler og ler, men også av å sjå på ansikta til folk kor kjekt dei har det. Foto: Kjellrun Åsebø
Det blir dansa gjennom heile kvelden. Foto: Kjellrun Åsebø
Her er det berre éin som kan svare på det spørsmålet. Foto: Kjellrun Åsebø
Viss eg skulle telt på fingrane alle gongane folk sa til meg at «Politiet i Nordfjord er det beste politiet» då dei såg politiet på området, hadde eg trengt mange fleire fingrar. Foto: Kjellrun Åsebø
Nokre tar livet med ro i eine hjørnet av festivalområdet. Foto: Kjellrun Åsebø
Manageren til Chris Holsten takkar Eva og er kjempefornøgd med alt under opphaldet. Foto: Kjellrun Åsebø
Hugsar du bursdagsbarnet Vilde? Her er ho saman med to venninner. Foto: Kjellrun Åsebø
Her er syng med oss avdeling Strandfestivalen Refvik. Foto: Kjellrun Åsebø
Det er framleis ingenting å seie på stemninga. Foto: Kjellrun Åsebø
Sjå det publikummet då! Foto: Kjellrun Åsebø
Her diskuterast det opplevingar og jobb. Foto: Kjellrun Åsebø
Eg må trekke frå ein halvtime på timelista mi. For eg måtte snakke litt med Iselin, Torjus, Lovise og Karoline som eg ikkje har snakka med på ei stund. Foto: Kjellrun Åsebø
Kristoffer Aam Hamre køyrde stil med matchande regnponcho og øyreproppar. Foto: Kjellrun Åsebø
Dianne og Janita hadde matchande sydvestar i staden for. Foto: Kjellrun Åsebø
Stemninga går i taket. Sjølv om det ikkje er noko tak. Foto: Kjellrun Åsebø
Her blir det dansa og prata. Foto: Kjellrun Åsebø
Det er heile tida nye folk som står i matkø og Henriette og Rebekka synest maten er vanvittig god. Foto: Kjellrun Åsebø
Christoffer prøvde seg på gjørmestuping. Foto: Kjellrun Åsebø
Noko Seline, Teodora og Maria syntest var morosamt. Så lenge dei slapp å gjere det. Foto: Kjellrun Åsebø
– Dette er søstenbarnet mitt. Visste du det? spør Dianne. Kva er det festivalar og søskenbarn? Foto: Kjellrun Åsebø
CC Cowboys førte til allsong på festivalområdet. Foto: Kjellrun Åsebø
Desse to har delt ut 700 øyreproppar. Respekt! Foto: Kjellrun Åsebø
Eg skulle gjerne skrytt av at eg veit eller hugsar namnet på han her. Men han ville i alle fall bli tatt bilde av då han ga tommel opp til festivalen. Foto: Kjellrun Åsebø
Grunnen til at eg ikkje kjem på namnet hans kan ha noko med at eg akkurat då fekk hjernefrys. Eg stod i ein iskald gjørmeklatt som gjekk rett i toppen. Det hjelpte ikkje noko at eg fekk melding frå mannen min om at støvlane eg trudde eg hadde med i reserve i bilen, stod i gangen heime: «Forstatt OK på festival, di tullehøne som har sett igjen støvlane dine heime?» Foto: Kjellrun Åsebø
Anita Solberg har ei tullehøne. Sjølvstrikka for enten å halde handa eller drikka varm. Den høyrde eg om frå festivaldeltakarar før eg var så heldig å få sjå den i verkelegheita. Foto: Kjellrun Åsebø
Her er søstra til Anita og ei anna kjekk Anita. Eg bør vel kanskje ikkje skrive dette sidan det kan vere støtande. Men eg har erstatta ordet høne med and i neste setning for å gjere det betre. Eg har høyrt at det er stor fare for urinvegsbetennelse med kald and. Foto: Kjellrun Åsebø
Noko av det gøyaste med å gå fram og tilbake og ta bilde var å smile til Kenneth og kompanjongen som stod vakt nedanfor scena. Og ekstra kjekt når eg får eit smil tilbake. Foto: Kjellrun Åsebø
Du treng heller ikkje be Thomas Hagen om å smile. Foto: Kjellrun Åsebø
Eg har forresten medisinen for deg som har ein trist dag, slik som Ruben og Chris Holsten har når dei skriv triste songar. Foto: Kjellrun Åsebø
Då berre finner ein fram nokre festivalbilde der folk smiler slik som desse. Foto: Kjellrun Åsebø
Jammen klarte ikkje Kim-Andre å finne kompisgjengen sin. Men kompisen han ringte til, Stian, er der ikkje. Hmmm... Foto: Kjellrun Åsebø
Elisabeth og Inge er tilbake på heimlege trakter. Foto: Kjellrun Åsebø
Det er viktig å ta ein pust i bakken av og til. Foto: Kjellrun Åsebø
Morten og June har det heilt topp. Foto: Kjellrun Åsebø
Det same har Bjørn Kristian. Foto: Kjellrun Åsebø
Han her er ein tøffing. Han har ansvaret for det tekniske. Eg var litt redd på hans vegner at ting berre skulle begynne å skurre og så slokne. Men han tok det med ro. Foto: Kjellrun Åsebø
Fleire av dei frivillige tar ein pust i bakken. Dei innrømmer at lufta gjekk litt ut av ballongen då dei måtte avlyse fredag, men laurdag er adrenalinet tilbake, Foto: Kjellrun Åsebø
Her er det beste politiet i landet ifølge festivaldeltakarnane. Andrea klarte å snike seg med. Foto: Kjellrun Åsebø
Og no folkens! Local Lads kjem på scena som siste band og allsongen tar av. Foto: Kjellrun Åsebø
Nokre liker å lene seg litt bakover når dei syng. Foto: Kjellrun Åsebø
Her kunne alle kjøpe merch. Eller ting med namnet Strandfestivalen Refvik på. Foto: Kjellrun Åsebø
Local Lads på scena skaper stemning som avslutning på festivalen. Foto: Kjellrun Åsebø
Aron! Det heiter han gutten med «tomlar opp» då hjernefrysen sette inn. No skal eg faktisk gjere slik som han på bildet her. Ta livet med ro. Kvile fingrane. Ete litt og kanskje sove ut festival- og Pepsi Max-rusen. Foto: Kjellrun Åsebø