Garden vart den raude tråden som batt Måløydagane saman dette året. 3. kompani av H.M. Kongens Garde var synlege i bybiletet under store delar av arrangementet. Laurdag takka dei for seg med ei feiande flott oppvisning.
Publikum lo, gispa, klappa og lytta då gardistane baud på både janitsjarmusikk og imponerande drill. Gardistane spreidde seg taktfast i dei mest imponerande formasjonar medan hovudkorpset stadig spelte.
Det var også presentasjon av gevær, drilling med gevær og ein konsertdel med engelsk renessansemusikk og litt spansk musikk.
Les meir om Garden og Måløydagane i papiravisa måndag 28. juni.