Vågsøyværingen Roar Moe har dei siste 17 åra vore einaste fastbuande på øya Litle Færøy i Solund.

Sjølv kallar han det eit eksperiment, på jakt etter det vi har mista på veg mot forbrukarsamfunnet.

– Vi har hatt ei utvikling som er unik med tanke på teknologi og økonomi. Mitt spørsmål er kva vi misser undervegs, forklarer han om årsaka til at han bur aleine på øya.

– Ikkje ei nostalgisk greie

– Kva er det du meiner at vi har mista?

– Det vi har mista er dei immaterielle verdiane, det som knyt oss saman. Kvar er samarbeidet imellom folk, korleis tar vi vare på kvarandre, korleis er vi i stand til å hjelpe oss under enkle forhold, med enkle reiskap. Evna til å løyse utfordringar i det kvardagslege, ut ifrå det vi har.

Moe understrekar at det han prøvar å formidle om måten han lever på ikkje er noko forherleggjering av gamledagar.

– Grunnlaget for kystsamfunnet er sjølvberging. Det eg driv med er ein rekonstruksjon av gamle teknikkar og metodar, det er ikkje ei nostalgisk greie, poengterer han.

Kurs for ungdom

Moe får det til å gå rundt økonomisk ved å halde foredrag, ta imot ungdommar i skulesamanheng til Litle Færøy for å lære dei om kystkulturen, i tillegg til å arbeide på ein verkstad nokre dagar i veka.

Sjølv seier han at han har eitt bein i den moderne verda, og eitt i dei tidlegare tider. Før han flytte til Litle Færøy arbeidde han som lærar ved ein folkehøgskule på Voss innan friluftsliv og idrett.

– Eg fiskar fisken eg et sjølv. Men av og til juksar eg med ein cheeseburger, smiler Roar.

Når ungdommane kjem til øya, er det hardt arbeid og sjølvberging som er fokus.

– Då tar eg dei med ut for å fiske og dra garn. Dei må ro, og får ikkje bruke påhengsmotor, og dei må sløye fisken sjølv.

Framover skal han ha studentar frå både innland og utland på besøk.

– Eg ser erfaringsmessig kor begeistra dei blir når dei får ting til å fungere på enkelt vis, og dei føler at dei er ein del av eit team og eit fellesskap, seier øya sin einaste fastbuande.

Vaks opp med kystkultur

Kvifor han valde å flytte til Litle Færøy er ei livslang interesse for segling, kyst og kystkultur.

– Eg har vakse opp i Torskangerpoll og gjekk gradene hos bestefaren min. Frå eg kunne gå, fekk eg vere med på sjøen og hadde skiftenøkkel i handa, pluss at det å segle var ein lidenskap. Eg fekk det inn i blodbana. Og så hugsa eg det fellesskapet som var då eg vaks opp. No ligg dei små bygdene brakk rundt om kring. Det har vore ei tidsendring og ei mentalitetsendring. Eg meiner å få ein dokumentasjon på den historia er viktig.

Moe viser til prognosar som seier at vi kanskje ikkje har meir olje att om 30 år.

– Det eg prøvar å setje fokus på er evna til å bruke fortidskunnskap inn i notida og ta det med seg som ein kulturell bagasje. Vi har fått eit forbruksmønster som på mange måtar kan gå av skaftet. Ingenting veks inn i himmelen, seier han.

Held foredrag i USA

Han har også ein stor fanskare i USA, der han også har kjærast, og har reist dit for å halde foredrag om norsk kysthistorie og livet på øya i Solund.

– Ho er på mange måtar som ein manager for meg der borte, ler øybuaren.

– Det som er artig er at amerikanarane, særleg norskamerikanarane er vel så interessert i norsk kysthistorie som nordmenn er, og det er mange som er veldig opptekne av å finne røtene sine.