I 2008 hadde eg kanskje mi aller beste sommaroppleving. Eg var så heldig å få vere liaison, frivillig, under Tall Ships’ Races i Måløy. Eg skrytte på meg at eg snakka litt spansk. Dermed blei eg kontaktperson for eit aldeles praktfullt, meksikansk seilskip.

Eg hugsar at eg gjekk rundt i gatene i eit nydeleg vêr, sugde til meg atmosfæren og det yrande livet, og tenkte at no er verda koma til Måløy.

No kjem verda forsyne meg sigande igjen. I form av gigantiske cruiseskip som skal klappe til kai i Måløy tjueseks gongar i løpet av sommaren. Det fyrste som kom, var MSC Magnifica. Måløy hadde plutseleg fått ei gigantisk høgblokk ved hurtigrutekaia. Med 14 etasjar på det høgaste, om eg ikkje har telt feil.

Ikkje noko vakker blokk, forresten. Ho liknar mest på dei kolossale bukolossane som blei bygde i storbyar i Sovjetunionen. Men medan dei er grå, forfalne og traurige både inni og utanpå, kan cruiseskipa by på prangande luksus, gull og glitter, ankeldjupe teppe, fløyel og velur. Eg kan bare gje opp å ramse opp alt. Det ville ta heile teksten, så litt får de prøve å tenke ut sjølve.

– Det fyrste som kom, var MSC Magnifica. Måløy hadde plutseleg fått ei gigantisk høgblokk ved hurtigrutekaia. Med 14 etasjar på det høgaste, om eg ikkje har telt feil, skriv Jarl Wåge. Foto: Kjellrun Åsebø

Som om ikkje dette er nok; veldig mange av passasjerane har «A room with a view». Ikkje bare utsikt. Dei har eigen terrasse. Der kan dei sitte og ha  late dagar medan verda glir forbi. Fjell og fjord, blått hav så langt ein ser og spektakulære landskap.

Ja, viss dei får tid til å sitte på terrassen då. Det er ikkje sikkert om dei skal få med seg alt dei kan gjere om bord. Isdans, klatring, soling, symjing, handling, show og kino, uendeleg lange drinkar og ein grenselaus overflod av mat. Om du er ein av dei utvalde, kanskje til og med ein middag ved kapteinen sitt bord?

Ja, om det framleis er tradisjon? Eg håper ikkje det. For kapteinen si skuld. Tenk om stakkaren kveld etter kveld må sitte til bords med tilfeldige, likegyldige menneske han ikkje kjenner, gafle i seg luksusmat, nippe til ein fin Chablis og konversere om aksjekursar, Rolex-klokker og porselenserviset til Ms Bucket.

«Kaptein, bli ved ditt ror,» seier eg. «Det er viktigare at du får skipet trygt i hamn enn at du kastar glans over enkelte passasjerar».

Og der slo tanken meg: Enn om det var det som gjorde at Titanic kolliderte med eit isfjell; at kapteinen sat i spisesalen i staden for å stå på brua.

Lenge hadde eg ein idé om at cruisepassasjerar hovudsakleg var velståande, eldre, amerikanske damer med blått hår. Ja, enkelte mannebein også, sjølvsagt. Men sidan menn har hatt ein tendens til å dø før konene, var enkefaktoren høg.

Eg hugsar eg var svært fascinert av historien (sann eller ikkje) om den rike enka som selde alt ho eigde for å tilbringe dei siste åra av sitt liv på eit cruiseskip. Tenk kor praktisk. Ho fekk rommet rydda og vaska, kunne fråtse i all verdas delikatessar i staden for blass og smaklaus sjukeheimsmat, svinge innom ein eller annan bar og ta seg ein svingom på eit dansegolv. Ho hadde tilgang til butikkar, frisør, fotterapi, lege og anna helsepersonell. Ja, i det heile tatt, livet hennar var eit einaste cruise.

MSC Magnifica, jomfru-besøket, har plass til minst like mange passasjerar med mannskap som det bur menneske i Måløy. I det ho la til kai, blei folketalet altså fordobla. Det er langt i frå alle passasjerar som går på land i kvar hamn. Det trur eg ein skal vere glad for. Men alltid så mange at dei skaper liv og røre, set farge på gata, stikk innom butikkar og kafear og legg igjen litt pengar.

Dessutan får cruise-besøk fart på bussbransjen. For det beste ved å komme til Måløy, må vere å utforske naturen i Ytre Nordfjord. Både på Vågsøy og i Selje og Stadlandet. Området har overflod av vakker natur, så det er bare å bjuda på. Av og til tar eg meg i uroe meg over logistikken. Tenk om det er mange som vil sjå Kannesteinen. Eller Kråkenes fyr. Korleis skal dei klare å buksere busslast etter busslast fram og tilbake langs dei smale vegane utan at det blir kø og kaos?

Når tanken slår meg, senkjer eg raskt skuldrene og seier til meg sjølv: «Slapp av Jarl. Det er ikkje ditt problem. Dei finn nok ut av det».

Personleg har eg aldri vore på cruise. Eg har hatt ein slags fordumsfull idé om at eg ville kjede på meg utslett og krupp om eg blei fanga på eit slikt flytande hotell. Dessutan har eg tenkt at om eg skulle finne på å feriere på denne måten, måtte eg ha med meg ei uhorveleg mengde bøker. Som de forstår, det er lenge sidan eg har vurdert det sidan ein no til dags berre kan laste ned ei uhorveleg mengde bøker på eit lesebrett.

Cruiseselskapa merkar nok ikkje om eg er med eller ei. Det er nok av folk som tykkjer denne luksusen er midt i blinken. I heile sommar vil nye skip med nye passajerar sige inn i Måløy hamn.

2. juni kjem MSC Preziosa på vitjing. Det største av dei alle. Der er det plass til 5.300 menneske. Om lag 2.000 fleire enn talet på innbyggjarar i Måløy. Eg berre nemner det.