– Vi er booka inn på Rockweekend i juli. Kva andre spelestader vi vil ha på Nordvestlandet er enno ikkje klart. Men vi skal på turné og håper å få spele fleire stader, seier Douglas til Fjordenes Tidende etter å ha fordøya sigeren i konkurransen som profilerer seg på at dei kårar «Norges beste entertainer».

Adam og bandet hans skal no i studio og spele inn plate nummer to. Etter nyttår blir det plateslepp og norgesturné. Det er godt mogleg han kan opplevast i området også i vinter.

– Vi startar turneen 25. januar og spelar tre veker utover i februar. Så håpar vi det blir ein del festivalspeling i sommar. Vi håpar å kome til Vestlandet etter jul. Vi skal i alle fall på Rockweekend, seier Douglas.

Utselde konsertar

Stjernekampvinnaren fortel at responsen er formidabel etter sigeren i konkurransen i beste sendetid på NRK laurdag kveld, med eit gjennomsnitt på 750.000 sjåarar. Billettar til komande konsertar blir rivne bort.

– Komande fredag skal vi spele i Vulkan Arena i Oslo. Konserten er utseld.

Publikumskapasiteten i dette konsertlokalet er 900.

– I desember skal vi spele eit par julekonsertar. Plutseleg vart konserten i Nordstrand kirke også utseld.

Rockweekend i Bremanger har ein heilt spesiell plass i hjartet til artisten frå Oklahoma City. Det var nemleg her han trefte kona si, Bremanger-kvinna Kristin Solberg, i samband med sin første spelejobb i Norge i 2007. Dei har no sonen Alvin saman, og er busett i nybygd hus på Harestua på Hadeland.

– Eg driv og byggjer garasje no, med studio i andre etasje. Eg har jobba på Hadeland kulturskole sidan 2010. I tillegg har eg eit par gode musikarkompisar som bur her. Og det er praktisk med 40 minutt til Oslo sentrum og nær flyplass på Gardermoen, samstundes som det er landleg. Vi blir nok buande her. Men vi er nært knytt til Bremanger der svigerfamilien min bur og der vi har mange vener. Vi reiser dit i alle feriar. Det er nok meir aktuelt med hytte i Bremanger enn å flytte dit med det første, seier Douglas.

Foreldra ville i utgangspunktet at han skulle satse på ein tryggare karriereveg enn musikk. Planen ei stund var å utdanne seg til lege. Som eit kompromiss tok han ein grad i sosiologi og utøvande musikk ved Universitetet i Oklahoma. I intervju med NRK i samband med Stjernekamp gjorde foreldra det klart at dei ikkje kunne vere meir stolt av han.

Då vi snakka med musikaren på telefon måndag morgon, var han på butikken for å handle inn mat til stor middag. Foreldra hans var på besøk frå USA det same var svigerforeldra frå Bremanger. Dei fekk naturlegvis med seg det som skjedd i studio på Fornebu laurdag kveld der Adam slo Didrik Solli-Tangen i finalen i Stjernekamp.

Rett på øving

– Eg er litt sliten no. Etter finalen i Stjernekamp laurdag var det fest. Og søndag hadde vi øving med bandet – det var einaste dagen det høvde for alle. Eg har allereie gjort eit par andre intervju i dag. Så i kveld skal eg gå tidleg til sengs og sove godt, smiler han.

Trass i at Adam har budd på Austlandet i mange år, og aldri har budd fast i Bremanger, snakkar han nynorsk og Bremanger-dialekt.

– Eg budde i Ålesund og i Volda det første året eg var i Norge. Elles er eg sjølvsagt påverka av kona og svigerfamilien min. Frå byrjinga har det vore lettare for meg å snakke dialekt, så eg prøvar å snakke nynorsk. Eg har aldri gått på eit vanleg norskkurs. Det er lettare for meg å uttale vokalar og slikt på nynorsk. Til dømes er det lettare å seie «heile Norge» enn «hele Norge».

Adam har no permisjon frå jobben som lærar på kulturskulen, og satsar for fullt som frilansmusikar. I tillegg til lærarjobben har han levd av spelejobbar som soloartist, med ulike band, som studiomusikar og låtskrivar. Han seier alt blir lettare no.

– Det er ikkje så lett å leve av å vere frilans musikar. Klart den eksponeringa eg har fått i beste sendetid laurdag etter laurdag er god hjelp. Det har berre teke heilt av. Det er ein draum som går i oppfylling. Eg har i alle fall jobb eit år framover, no kan eg leve draumen min.