Namn: Maren Sandvik Pileberg

Alder: 15 år

Adresse: Selje

Sivilstatus: singel

Yrke: går i 10. klasse ved Selje skule

Hobby: lage mat

Aktuell med: 10. klasse på Selje skule viser fram kabareten «Make Selje Great Again» i Selje Samfunnshus 3. og 4. mars

– Kva handlar kabareten om?

– «Make Selje Great Again» handlar om ferda til ein ekte bygdeoriginal frå Selje, som har Trump som sitt store førebilde. Han ønskjer å bygge ein mur, men før han klarer å ferdigstille muren sin, tek han seg ei reise i den splitter nye tidsmaskina. Ferda hans blir fylt med humor, song og dans frå fleire ulike tiår.

– Dette er eit årleg opplegg på skulen?

– Kabareten er nærmast ein tradisjon her i Selje. 10. klasse blir vurderte nøye i dei ulike faga og får ein lærerik oppleving, og bygda får seg eit morosamt og kjekt show kvart år.

– Er du nervøs før premiera?

– Ja, utan tvil. Dei fleste kjenner nok på presset, og det er mykje som må klaffe, både på scena og bak.

– Korleis trur du publikum vil oppleve framsyninga?

– Det er ikkje godt å seie, eg håpar sjølvsagt at dei får ei positiv oppleving. Men det vil no tida vise!

– Kor mange elevar er med?

– Heile klassa er med, så 23 elevar, og våre flotte lærarar.

– Når starta arbeidet med kabareten?

– Vi begynte så vidt i det små i oktober 2016, men det stokka seg litt i starten, så det tok litt tid. Etter kvart losna det, og vi kom betre i gong. Vi har prøvd å relatere innhaldet vårt til både dei litt eldre og dei unge.

– Kva har vore det kjekkaste med prosjektet?

– Alle dei gangane klassa saman har «dumma» seg ut på øvingane. Vi har ledd saman, og ikkje av nokon.

– Kva har de lært av prosjektet?

– Å skrive vårt eige manus, alle replikkane har vi laga sjølve. Det er også mykje lærerikt innanfor lyd og lys, budsjett og ansvar.

– Har de laga alt frå dans og musikk til handlinga?

– Musikken har vi ikkje laga sjølv, men dansane og tekstane er det nokre av elevane som har laga. Eg trur det har vore utfordrande for dei som har gjort det, men samstundes lærerikt og kjekt.