– I tillegg til andre målsettingar for festivalen ønskjer vi å sette Måløy på kartet. For oss er det også viktig å få fram at vi er Norge sin einaste tredagers Elvis-festival, i den vakre ramma som Måløy gir oss. Vi er veldig glad for at den nye norske dokumentaren blir sendt på statskanalen i beste sendetid. Det å få bli med i ein slik dokumentar har sjølvsagt stor marknadsverdi for oss, seier Geir Tharaldsen i festivalen.

Produksjonen er ved dokumentarfilmskaper Erik Jacobsen frå Tønsberg. Saman med medhjelpar Tommy Rønning frå Nøtterøy har han samla opptak over fleire år, på ein rekke stadar i Norge. Ikkje minst frå den årlege, tre dagar lange Elvis-festivalen i Måløy.

Jacobsen og Rønning var på festivalen i Måløy i 2015 og 2016.

– Vi har fem-årsjubileum i år, og festivalen er blitt lagt merke til både her i Norge og i utlandet. Dei som har vore her gir oss veldig gode tilbakemeldingar, og dei fortel det vidare til andre. Vi trur TV-produksjonen vil gje oss mykje merksemd for det vi held på med her i Måløy, og så får vi sjå om det viser igjen i talet tilreisande, seier Tharaldsen.

Årets festival blir arrangert 9., 10. og 11. august.