- Dette er kjempekjekt! Det beste er at det ikkje berre er ting å sjå og kjøpe, men også noko å gjere, smiler dei tre jentene Helene Bakke, Nima Diallo og Emilie Nyiredy (alle 12 år) frå Bærum. Dei var på høstferie på Davik og fekk mellom anna prøve seg på å lage pølser under Abbeldagane.
- Det var ei rar oppleving, men veldig spennande å prøve, understrekar dei.
Målet med arrangementet var å sette fokus på norsk tradisjonsmat, noko arrangørane føler dei lukkast med.
- Det heile starta eigentleg som ein sprø idé. Vi lurte på kvifor vi ikkje kunne ha nokre "dagar" på Davik også, og no har vi jobba med arrangementet i kring eitt år. Då er det fantastisk at det blir endå betre enn venta, påpeiker Jonny og Siv Bakke i Abbel Tradisjonsmat.
Dei har ikkje tal på kor mange som var innom arrangementet i løpet av dagen, men laurdag var det stinn brakke i det gamle fabrikklokalet på Davik.
- Fredag var det pubkveld med kring 80 besøkande og god stemning, så i dag håpar vi på endå fleire, sa Bakke til Fjordenes Tidende laurdag.
På Abbeldagane kunne dei besøkande både lage sine eigne pølser, smake heimelaga tradisjonsmat, få kroppsmaling eller kjøpe heimelaga produkt som nissar, vottar og kort.
- Det har vore veldig bra sal, og vi er synest det er fantastisk at nokon lagar til dette. Det samlar både Davik og bygdene rundt, sa Gerd Lillian Drageset og Kari Vindfjell som begge hadde stand på Abbeldagane.
Arrangørane fortel at folk frå både Svelgen, Ålfoten, Rugsund, Nordfjordeid, Volda og Ålesund var på plass for å få med seg debuten.
Du kan lese alt om Abbeldagane i tysdagsvisa.