Men for eit lite korps på ein liten stad er 35 år utan avbrot slett ikkje verst. Og absolutt noko å feire.
– Det har jo stadig vore trugslar om nedlegging, mangel på ungar og spørsmål om kva som skjer på 17. mai, men det har alltid ordna seg. Vi har fått det til, folk har steppa inn, seier Leirgulen.
Gode tilbakemeldingar
Søndag spelte dei konsert i Rugsund kyrkje, saman med gjestekorps Hornelen Brass.
– Vi spelte fire nummer, Hornelen Brass fire og så hadde vi to fellesnummer.
Frå Smalsarhorn skulemusikk åleine fekk publikum høyre The Rose, Sommerfuggel i Vinterland, By the Rivers of Babylon og Bred dina vida vingar.
– Vi hadde lyst å finne på noko anna enn ein vanleg basar, så vi snakka med soknerådet. Dei hadde allereie gudsteneste den dagen, så bestemte vi oss for å bli med på det. Det blei veldig kjekt, seier Leirgulen.
Tæring etter næring
Per i dag tel Smalsarhorn skulemusikk rundt 20 medlemmer, og er ein god miks av vaksne og barn.
– Akkurat no er det sju-åtte yngre, og resten vaksne.
Det varierer litt kor mange det er på øving, for nokre av dei vaksne jobbar skift, og nokon gongar kjem også eldre ungdom som har flytta vekk på skule innom på øving når dei er heime. Delar av korpset speler også i Flora-Bremanger Brassband.
– Mange korps slit med rekruttering, de ser ut til å ha funne ein formel?
– Vi set oss ikkje kjempestore mål. Ambisjonen er å halde 17. mai i bygda og ha ein julekonsert. Og det får vi til, og bygda er fantastisk flink til å støtte oss, seier Leirgulen.
I tillegg brukar dei å arrangere to basarar i året.
Klare for julemesse
Leirgulen synest det er vanskeleg å gje gode råd til andre korps om korleis rekruttere.
– Vi er som alle andre. Vi har mange som er innom og som sluttar fordi dei ikkje synest det er så kult. Men så har vi også dei som finn ut av det og knekk koden på spelinga. Då føler dei meistring og synest det er kjekt.
Akkurat no jobbar Smalsarhorn med førebuingar til den store julemessa dei skal ha på Kolset søndag 12. november.
– Vi tok over dette arrangementet i fjor, og gjer det igjen i år. Men der skal vi ikkje spele, berre jobbe, smiler Leirgulen.