MC-klubben Njords Men vil for fjerde året på rad gjennomføre arrangementet MC mot mobbing laurdag 5. mai. Det blir parade frå Svelgen, og vel framme i Kalvåg blir det underhaldning med lokale musikktalent, sykkelutstilling, loddsal og kafé.

Hingsteutstillinga på Nordfjordeid har allereie gått føre seg i fleire dagar med bruksprøver, konferansar, mønstringar og show med Fjordane Folkehøgskule. Laurdag 5. mai er det klart for klassevis mønstring, ulike aktivitetar i sentrum, opptog frå Øyane til sentrum og kvalitetsoppstilling og premiering.

5. mai er det open dag og sesongopning for Kalvåg Motorspor på bana Liset – Kalvåg.

6. mai er det open dag på Knekkevasshytta (grøn) med Keipen Turlag. Startpunkt ved Sørdalsvatnet (demningen). Gå opp trappa og følg T- merka sti til de kjem til skiltet det står Knekkevasshytta på. Dette er ein fin tur som passer for dei fleste. Det er vertskap på hytta som syter for servering av noko varmt, kake, kaffe og saft.

6. mai er det bingo på Havly pensjonat med B.I.L.

Det er Seniornettkafé i Selstadgården fast kvar tysdag.

Møteplass for seniorar er på Skaretun onsdag 9. mai.

Det er bingo kvar måndag i Bryggja grendehus.

Ønskjer du å få ditt arrangement på Etter jobb? Send oss ein tekst og gjerne nokre bilete til fjt@fjt.no. Du kan også nå oss på telefonnummer 57 84 90 00.