Suppe

1. Kva er hovudingrediensen i suppa bortsj?

2. Kva heiter den tradisjonelle italienske suppa med pasta, kjøtkraft og ulike grønsaker?

3. Kva indisk-engelsk suppe blir servert i sketsjen Grevinnen og hovmesteren? Suppa blir omtala som høns i karri i dei norske undertekstane.

4. I kva komiserie opptrer ein karakter som blir kalla The Soup Nazi?

5. Kva ord på t blir brukt om ei serveringsskål for suppe?

Svar: 1. Raudbetar 2. Minestrone 3. Mulligatawny 4. Seinfeld 5. Terrin

Distanse

1. Kva er lengst av Birkebeinerrennet og Vasaloppet?

2. Kva måleeining er 1852 meter?

3. Er avstanden frå Lindesnes til Nordkapp ca. 1300, 1700 eller 2100 kilometer i luftlinje?

4. Kva er halvparten av ein diameter?

5. I songen «I’m Gonna Be» syng The Proclaimers om kor mange miles?

Svar: Distanse: 1. Vasaloppet 2. Ei nautisk mil 3. Ca. 1700 kilometer 4. Radius 5. 500 (1000 miles blir òg nemnt)

Svart

1. Kva betyr uttrykket svart hav?

2. Kva namn hadde kongen som regjerte over store delar av Austlandet frå ca. år 825 til 835?

3. I kva fylke ligg isbreen Svartisen?

4. Kva var Alm Svarten?

5. Kva europeisk land har eit namn som betyr «svart fjell»?

Svar: Svart: 1. At det er tomt for fisk/lite fisk 2. Halvdan Svarte 3. Nordland 4. Ein travhest 5. Montenegro

Black

1. I kva filmserie er skuta Black Pearl sentral for handlinga?

2. Kva slags produkt var produktserien Black Boy?

3. Kva skjedde under Black Tuesday i 1929?

4. Kva by på den engelske nordvestkysten har tradisjonelt vore ein populær ferieby?

5. Kva heiter filmen der Will Smith og Tommy Lee Jones spelar to agentar som skal halde styr på den utanomjordiske befolkninga i USA?

Svar: Black: 1. Pirates of the Caribbean 2. Krydder 3. Børskrakket I New York 4. Blackpool 5. Men in Black

Heimland

1. Kva land kjem brennevinet Calvados frå?

2. Kva land høyrer øya Sumatra til?

3. I kva land vart Osama bin Laden fødd?

4. Kva land kom kunstnaren Salvador Dalí frå?

5. Kva land kjem sportstøyprodusenten Puma frå?

Svar: Heimland: 1. Frankrike 2. Indonesia 3. Saudi-Arabia 4. Spania 5. Tyskland

Nordover i Noreg 1

1. Kva by kjem fotballklubben Jerv frå?

2. Kva heiter dalføret der ein finn Valle og Bygland?

3. I kva øykommune i Vestland med knappe 20 000 innbyggarar heiter administrasjonssenteret Leirvik?

4. Kva fjell køyrer ein over viss ein køyrer frå Lærdal til Vang i Valdres?

5. Kva kommune ligg mellom Lom og Sel i Innlandet?

Svar: Nordover i Noreg 1: 1. Grimstad 2. Setesdal 3. Stord 4. Filefjell 5. Vågå

Nordover i Noreg 2

1. Kva heiter OL-vinnaren som kjem frå Ulsteinvik?

2. Kva fylke grensar Trøndelag til?

3. Kven var sokneprest i Alstadhaug frå 1689 til 1707?

4. I kva by heiter ordføraren Gunnar Wilhelmsen?

5. Kva er den einaste landgrenseovergangen mellom Noreg og Russland på norsk side? Denne overgangen fekk sprengd kapasiteten sin i samband med flyktningstraumen i 2015.

Svar: Nordover i Noreg 2: 1. Karsten Warholm 2. Innlandet, Møre og Romsdal og Nordland 3. Petter Dass 4. Tromsø 5. Storskog

Romanar

1. Kven skreiv romanar om Pelle og Proffen og om Elling?

2. Kva blir ein romansyklus på tre romanar som regel kalla?

3. Kva roman av Knut Hamsun startar slik: «Det var i de dager jeg gikk omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den»?

4. Kven skreiv romanen Pride and Prejudice (Stolthet og fordom)?

5. Kven skreiv romanane Garps bok og En bønn for Owen Meany?

Svar: Romanar: 1. Ingvar Ambjørnsen 2. Trilogi 3. Sult 4. Jane Austen 5. John Irving

Merkevare og varemerke

1. Fullfør namnet på dette klesmerket: Tiger of …

2. Kva teleselskap marknadsfører seg som «Norges største utfordrer»?

3. Selskapet Bama sitt namn er ei samantrekking av eit tidlegare brukt namn på selskapet. Kva er dette namnet?

4. Kva internasjonal merkevare har ein logo der ei havfrue eller sirene er motivet? Logoen er i grønt og kvitt.

5. Kva bilmerke brukar slagordet «Simply clever»?

Svar: Merkevare og varemerke: 1. Sweden 2. Telia 3. Banan-Mathiessen 4. Starbucks 5. Skoda

For dei minste

1. Er gaupe eit hundedyr eller kattedyr?

2. Kva fotballag spelar Caroline Graham Hansen for?

3. Kva heiter landet som ligg nord for USA?

4. Kva planet har ringar rundt seg?

5. Kva gud i norrøn mytologi hadde ein heilt spesiell hammar?

Svar: For dei minste: 1. Kattedyr 2. Barcelona 3. Canada 4. Saturn 5. Tor